Handverksfag som utdanning?

Skal du eller nokon du kjenner søke plass på vidaregåande skule? Det finns fleire linjer rundt om i landet som tilbyr vidaregåande opplæring innan handverksfag!

Gå til oversikta over skulane i ditt fylke som tilbyr handverk, design og produktutvikling. Der kan du også lese vidare om opplæringsløpet og dei ulike skulane og lærebedriftene.

28.02.2022
Smed Johannes Grøstad Barstad

Vi har i den anledning snakka med Johannes Grøstad Barstad frå Flatdal, som er i etableringsfasen som smed. Barstad gjekk VG2 smed ved Hjerleid Handverksskole, og har etter det vore lærling i to år hjå kunstsmed Steven Carpenter. I august 2021 tok han svennebrev som smed.

Hjerleid er eit skule- og handverkssenter på Dovre i Nord-Gudbrandsdalen. Hjerleid handverksskule er ein friskule eigd av Stiftelsen Norsk kulturarv og Studieforbundet kultur og tradisjon. Det er ein vidaregåande skule som har landsdekkande utdanningstilbod i tradisjonshandverksfag som treskjering, smiing, lafting, tekstil m.m. Les meir om Hjerleid handverksskule.

Før Barstad starta på Hjerleid hadde han gått eit år på USN-Rauland med metall som materialområde. Der var fokuset mest på smykkelaging og folkekunst, men i årsoppgåve smidde han ein port. Med ein far som er gjørtlar har han også vore ein del med i støyperiet hans. Å bli smed er noko han har tenkt på lenge. Barstad seier at «Det er fasinerande korleis ein kan arbeide med stål. Eg likar måten ein har så tett tilknyting til det ein lagar. Når ein smir er det veldig direkte».

Johannes Grøstad Barstad

Johannes Grøstad Barstad

Barstad var interessert i å jobbe meir med smedarbeid og byrja difor på VG2 smed på Hjerleid. Der fekk han god innføring i teknikkar på ein meir tradisjonell måte. Som elev ved Hjerleid er noko av det viktigaste Barstad har lært, å kunne fullføre ein ide frå start til slutt. Alt frå å utvikle ideen, lage arbeidsteikning og fullføre gjenstanden med smiing og andre verktøy. Det å kunne fullføre ein slik prosess gjev ein dei verktøya ein seinare treng for å jobbe som smed på eiga hand. Hjerleid er veldig god å ha som startplass, ein blir kjent med smedar rundt om i landet ved kurs, og man lærer basiskunnskapar ein treng for vidare arbeid.

Å etterpå vere lærling hjå Steven Carpenter gav han brei erfaring om korleis det er å arbeide som smed i ei bedrift. Her fekk han lage blant anna sørlandsrekkverk, skulpturar og bruksgjenstandar. Då Barstad var lærling var han ein del av Tradisjonshandverk i Akershus, MiA, der han vart knytt saman med andre elevar som jobba med ulike typar tradisjonshandverk. Dei hadde nokre samarbeidsprosjekt og oppgåver fram mot svenneprøva, som han bestod i august 2021. Prøvenemnda sa at besvarelsen hang høgt, og roste han for å bruke gamle smi-teknikkar, og ein feilfri planleggingsdel. Barstad laga stativet til eit skilt.

Framtida som smed ser Barstad på som spanande og lys. No er han i gang med husbygging og gler seg til å setje opp eigen verkstad. At det er ein marknad for å vere smed i 2022 er heilt klart. Barstad ser for seg å drive med mange ulike jobbar innan smedarbeid; arbeid retta mot folk som treng t.d. hengslar og beslag, smi verktøy til tradisjonshandverkarar eller få til arbeid retta mot restaurering. I tillegg vil han halde på med nokre kunstprosjekt også, det er godt å ha fleire bein å stå på! Så fort verkstaden er oppe, så går det nok veldig bra, seier han.

Til dei som no skal søke vidaregåande opplæring og lurar på å gå på ei handverkslinje seier Barstad: «Stå på og følg draumen dykkar!». Han trur det er mange som treng å få ut energi, å kunne bruke den energien på å utføre eit praktisk handverk er veldig moro!

Du får sjå noko av arbeida til Barstad på Dyrsku’n 2022, blant anna det imponerande kopieringsarbeidet av ei stavkyrkjedør frå Botnedalen i Mo han har gjort saman med Steven Carpenter. Døra vil ha ei sentral rolle i Husflidsutstillinga på Dyrsku’n i 2022. Johannes Grøstad Barsad skal også smi på Sterke Nils-tunet.