Lionel vil kasta glans over årets Dyrsku’n

Lionel er blant dei beste norskfødde varmblodstravarane gjennom alle tider. I september gjestar den biletskjønne hingsten Dyrsku’n som æresgjest.

04.07.2024
Lionel er æresgjest på Dyrsku’n i september. Foto: Eirik Stenhaug

Lionel er årets æresgjest på Dyrsku’n. Den vakre hingsten frå Østfold har med sine over 17 millionar kroner innkøyrt, skrive seg inn i historiebøkene til travsporten. Sine største sigrar tok han i Prix de Paris på Vincennes i 2016 og Olympiatravet på Åby Travbane året etter. To andre pallplassar står også igjen som høgdepunkt i karrieren hans. I 2017 tok han tredjeplassen i det største travløpet i verda, Prix d’Amerique på Vincennes, og i 2018 tok han sølvplassen i verdsmeisterskapen for travhestar på Yonkers i New York.

Under Dyrsku’n blir ei av dei største hesteutstillingane i landet arrangert, i samarbeid med Telemark Travforbund, Telemark Hesteeierforening og Norsk Hestesenter.

Møt DNT på Dyrsku’n

DNT er også i år representert på Dyrsku’n med stand. Tradisjonen tru blir det hesteskokasting og ponniriding. Nytt i år er at dei også har med den populære travsimulatoren Monte Python. All aktivitet knytt til hest vil skje inne på området kalla «Fjoset».

Foto: Eirik Stenhaug, Lionel.
Nyheitssak på travsport.no – Det Norske Travselskap.