Møt kua – og bli kjent med livet hennar i Fjoset

Eit heilt nytt program ventar deg i Fjoset på Dyrsku’n! Her kan du smake fersk mjølk, klappe ein kalv, og lære meir om kva kua treng for å lage mat til oss menneske.

27.08.2025
Ku 145 Komma med 9 kalver

I år får Dyrsku-publikummet verkeleg oppleve kua på nært hald – bokstaveleg talt! Det nye programmet i Fjoset er laga for både store og små, og gir eit lærerikt og sanseleg møte med dyret som står sentralt i norsk landbruk.

Her kan du sjå korleis magen til ei ku ser ut inni, og lære korleis ho klarer å gjere gras om til mjølk. Du får smake iskald mjølk – nesten rett frå juret – og sjå kyr av ulike rasar som bur i Fjoset under Dyrskuhelga.

Borna kan få prøve å leie ein kalv, og det blir mogleg å teste ut både liggemadrass, kløbørste og klauvboks – slik som kyrne sjølve brukar.

Programmet rundast av med premieutdeling og kåring av Dyrsku’n si finaste ku!

Opplegget er laga i samarbeid med TINE Rådgjeving, Telemark Produsentlag og Nome vidaregåande skule, avdeling Søve.

Vandreutstilling Dyrsku'n 2022

Kua i sentrum! Born og vaksne får lære meir om fjøslivet og bli kjent med kalvar og mjølkekyr under årets nye program i Fjoset.