Møt Landbruket: Kan bonden få betalt for å lagre karbon?

Om det går som initiativtakarane vil, kan det i framtida bli ein marknad for å lagre karbon i jorda og få betalt for det.

10.09.2022

Kan bonden få betalt for å lagre karbon?

Poenget er å lage mat på ein måte som binder meir karbon i jorda, altså dyrke smartare, sa Ole Erik Lunder frå Greenhouse i «Møt landbruket» fredag.

Om ein skal løyse klimakrisa er det lurt å betale bonden for å lagre utslippa i jorda.

Med ein nasjonal karbonbørs kan forurensarar betale for at bønder og skogeigarar kan fange og lagre utslepp i jord og skog. I mange land finns det alt no karbonbærsar som vi kan bli inspirert av.

Gjødselprodusenten Yara har oppretta selskapet Agoro som skal vere ein børs i land som India og USA, men framleis meiner dei at Norge har ein for liten marknad til at det løner seg.

Vi meiner at det skulle vere mogleg med ein karbonbørs også her i landet. Da er det lurt at jordbruket tar initiativet til den og dermed kan styre korleis fordelinga av kostnadene og inntektene skal bli, seier Ola Hedstein i Rethink Food

Vi meiner at det skulle vere mogleg med ein karbonbørs også her i landet