På Dyrsku’n kan du bli kjent med siderprodusentar og dei smakfulle og prisvinnande produkta deira. Norsk sider har aldri vore så populært som nå, med dyktige produsentar og gode vekstforhold for frukt og bær, har norsk sider utmerka seg på kvalitet og har hausta fleire internasjonale prisar.
Sidersmaking med lokalmat ved Lien Gård – Fredag kl. 15:00
Arild og Linda Renate driv Lien Gård som ligg idyllisk til ved Norsjø i hjertet i Telemark. På garden produserar dei frukt, bær og honning.
Sidersmaking med lokalmat ved Raet Sideri – laurdag kl. 15:00
Raet Sideri er etablert på Nordre Bergan Gård i Sandefjord, her starta Mikkel og Tomine opp gardsdrifta og siderproduksjon i 2024.
Sidersmaking med lokalmat ved NeRø Frukt og Sider – Laurdag kl. 17:00
I solhellinga mot Heddalsvannet ligg Nedre Røste Gård i Notodden her driv Ole Christoffer Røste og Trine Flaaten med frukt og sider.
Påmelding
Pris: kr 495,-