Tildeling av Lindeqvists Sølvkanne 2025–2027

Johan Lindeqvists Sølvkanne har sidan 1900 blitt delt ut til organisasjonar og gardbrukarar som har utmerkt seg i arbeidet med å «fremje kvegavlen i Bratsberg Amt.» Telemark Landbruksselskap tildeler Lindeqvists Sølvkanne for 2025–2027 til Mathias Olsen ved Holte Grassfed AS.

13.09.2025
Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen delte ut prisen til Holte gård.

Det er mange nedlagde gardsbruk i Drangedal, og jorda blir driven av Mathias. Drifta er økologisk. Han har Nofence på kyrne, og dei beitar mellom anna på Jomfruland og i den vakre bygda Rørholt i Bamble. I Rørholt var all husdyrdrift lagt ned, men med hjelp frå Mathias er det no dyr på beite der igjen.

Vi ønskte å setje fokus på grasfora kjøtproduksjon, og meiner familien Olsen på Holte gard i Drangedal viser at ein kan satse på noko nytt langt ute på bygda og lukkast. Vi treng nytenking i landbruket, og dexterkyrne viser at dyra ikkje treng å vere så store heller.

Det er mange nedlagde areal i landet, og beiting held ved like eit ope kulturlandskap. Det er brannførebyggjande, og det er i tillegg flottførebyggjande. Det å bruke gras og ikkje kraftfôr kan auke sjølvforsyningsgraden i landet. Drøvtyggjarar er laga for å omdanne gras til kjøt!

Mathias kastrerer stutane, og det at stutane er ute på beite fleire somrar er sjølvsagt eit viktig poeng. Vi meiner at Mathias Olsen er ein verdig kandidat til å motta Lindeqvists Sølvkanne 2025.

Seljord, 12. september 2025

Styret i Telemark Landbruksselskap