Søk om plass på Dyrsku’n 2026!

Vil du vere med på Dyrsku’n 11.–13. september 2026? Utstillar­søknaden opnar 18. november 2025, og fristen for å søke er 1. februar 2026.

27.10.2025
Send inn din søknad om standplass til Dyrsku'n innan 1. februar

Dyrsku’n samlar kvart år over 90 000 besøkande og fleire hundre utstillarar frå heile landet. Her møtest landbruk, handel, mat og oppleving i ei heilt unik ramme.

Vil du søke om standplass for Dyrsku’n, fyll ut søknadsskjemaet innan 1. februar. Søknaden vil ikkje vere klar for registrering og vidare behandling før vi har mottatt innbetaling av påmeldingsavgifta.

Vi startar tildeling av standplassar når søknadsfrista har gått ut, søknader mottatt etter 1. februar vil automatisk bli sett på venteliste.

Vi håpar å sjå søknaden din – skulle du oppleve problem ved registreringa, eller det er andre ting du har lyst å dele med oss, må du gjerne ta kontakt.

 

Send inn din søknad til Dyrsku’n 2026