Hans Kleppens vandrekrus 2026 og 2027
Sølvkruset frå 1931 er ei gåve frå bonde Hans Kleppen i Gjerpen til Telemark Landbruksselskap. Kruset skal nyttast til å fremje fehaldet i fylket, og utmerkinga har vore delt ut på Dyrsku’n sidan 1950.
Hans Kleppens vandrekrus skal annakvart år delast ut til enkeltpersonar og lag i Noreg som fremjar verdien av Telemarkfe.
Prisen for 2026 og 2027 blir delt ut til Aadne Ådneram.
Prisen blir tildelt ein engasjert bonde som arbeider for landbruket generelt og bevaringsverdige husdyr spesielt. Prisvinnaren er styremedlem i Landslaget for Telemarkfe, og han er leiar i Norsk Bufe, paraplyorganisasjonen for dei seks bevaringsverdige storferasane.
Aadne Ådneram er frå garden Ådneram i Sirdal. Der driv han ei mjølkebesetning med hovudsakleg Telemarkfe, men også Vestlandsk raudkolle. Han er genuint oppteken av avlsarbeid og mjølkekvalitet på dei gamle rasane.
På garden han driv, er heile familien med i drifta – både kona, barna og barnebarna. Gardsdrifta er prega av sterkt samhald, både fagleg og sosialt. Dei er opptekne av å forvalte og bevare. Med stor energi for landbruket generelt og dei bevaringsverdige husdyra spesielt, driv dei eit moderne landbruk med godt fotfeste i historia.
Prisen består av den tradisjonsrike vandrekanna og eit diplom dekorert av kunstnar Borghild Telnes.
Juryen for prisen
- Marianne Vadder, styremedlem i Telemark Landbruksselskap
- Mona Olsrød, representant for Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Landbruksavdelinga
- Sveinung Kjellemo, representant for TYR Telemark
- Sigbjørn Haslemo, representant for Landslaget for Telemarkfe