Årets mat- & drikkeprodukt

Vi gratulerer vinnaren av Årets lokalmatprodukt – Stordalen Gardsbruk frå Tinn i Telemark – med EKTE BRUN GEITOST! Årets vinnar vippa juryen av pinnen!

12.09.2025
Årets mat og drikkeprodukt 2025 Stodalen Gardsbruk

Bilde: Vinnaren av Årets lokalmatprodukt 2025, Stordalen Gardsbruk.

Årets vinnar vippa juryen av pinnen!

Årets vinnarprodukt har ein tydeleg geografi og eit klart opphav. Det har både namn og adresse! Produktet vekkjer kjensler, forundring og beundring hos juryen.

Det har eit rustikt utsjånad og ei matchande innpakking som skaper forventningar om noko velkjent.

Fargen er mørk og det luktar av tradisjon. Konsistensen er overraskande mjuk og smidig.

Smaken kan skildrast som skarp i starten før ho rullar over i noko mjukt, rikt og smøraktig. I ettersmaken finn vi spor av jerngryta.

Juryen meiner at produktet har eit stort potensial og uendelege moglegheiter for bruk. Her er det berre kreativiteten som set grenser.

Vinnaren av Årets lokalmatprodukt er Stordalen Gardsbruk frå Tinn i Telemark med EKTE BRUN GEITOST!

Kvart år kårar Dyrsku’n det beste lokalmatproduktet ut frå smak, konsistens, kreativitet, berekraft og emballasje. Vinnaren vert presentert under den offisielle opninga på Dyrsku-fredagen, og får diplom, pengepremie og gratis standplass på neste års arrangement.

Prisen set fokus på kvalitet, nyskaping og stolte mattradisjonar, og bidreg til å styrkje norsk lokalmatproduksjon med både synlegheit og støtte.

Årets jury

  • Hanne Frosta, bl.a. tidlegare drivar av Hanne på Høyden
  • Espen Schøning Lie, Kokk og ferskvaresjef på Meny Sørlandsparken
  • Marit Strand, frå Stiftelsen Norsk Mat