Då Petter blei mann

Petter og Vendela har hatt travle dagar på Dyrsku’n. Men litt tid har dei lura inn til å få med seg både show og moro i det store Dyrskuprogrammet.

15.09.2018

Vi møter dei som tilskodarar under hesteoppvisninga i Fjoset.

Plutseleg kjem Vendela med forslag om at Petter og lyt delta. «Du må vise at du er mann», er beskjeden han får. Og Petter er ikkje vanskeleg å be. Han hiv seg rundt og er raskt inne i manesjen. Her riggar han seg med Team Elverhøy og hesten Elverhøys Eddie. Petter får på seg køyredress med påskrifta «lærling» på bringa. Han trur han skal vere passasjer i vogna medan Team Elverhøy demonstrerer speed-køyring med hest og vogn. Men det skal han ikkje. Han skal stå bakpå vogna medan det køyrast i full galopp, volte på volte i manesjen.

Petter gjer ein god figur bakpå vogna. Han balanserar ekvipasjen godt og er i fin flyt med både hest og kusk. Tydeleg sliten etter utfordringa seier han «Dette var tungt, men veldig veldig moro!». Og når han snur seg kan alle sjå at det på ryggen av dressen står: «Endeleg blitt mann». Eit jublande publikum konkluderer saman med Vendela «Petter har definitivt bestått manndomsprøva.»