
Lyst til å delta på Husflidstevlinga?
Husflid, handverk og design er ein av våre viktige bærebjelkar, og sidan 1963 har vi arrangert tevlingar med fokus på kvalitet og tradisjonelt handverk.

Rettleiing til påmelding husflidstevlinga
Her finn du rettleiing og reglement for Husflidsutstillinga - tevling i handverk & design på Dyrsku'n.

Kategoriar husflidstevlinga
Ynskjer du å få bedømt produktet ditt av ein fagjury? Sjå kategorier for husflidstevlinga her.

Korleis føregår husflidstevlinga
Tevlinga vert arrangert om lag tre veker før marknadsdagane, og handverkarar og designarar frå heile landet kan melde seg på i ynskja kategori og klasse, uavhengig av om dei er amatørar eller profesjonelle. Vi har og eigne klasser for dei som er i ein studie- eller læresituasjon.

Premieutdeling husflidstevlinga
Sundagen i Dyrsku'n er det duka for årets pris- og premieutdeling for deltakarane i Husflidsutstillinga – tevling i handverk & design i Tett På-arenaen.

Husflidsutstillinga - tevling i handverk & design

Tidlegare vinnarar av priser
Er det påmeldingsavgift for å delta på husflidstevlinga på Dyrsku’n?
Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 370,- som blir fakturert utøvar etter påmelding til husflidstevlinga.
Her finn du rettleiing og reglement for husflidsutstillinga på Dyrsku’n.
Er påmeldt arbeid til husflidstevlinga forsikra gjennom Dyrsku’n?
Nei, dei påmeldte arbeida er IKKJE forsikra gjennom Dyrsku’n Arrangement AS. Dersom du ynskjer å forsikre arbeidet ditt, må dette gjerast privat. Postgangen er forsikra gjennom Posten.
Her finn du meir informasjon om husflidstevlinga på Dyrsku’n.
Kva for kategoriar kan eg melde meg på i husflidstevlinga på Dyrsku’n?
– Tre
– Tekstil
– Sylv
– Rosemåling
– Smiing
– Kniv
Kvar kategori er dela inn i ulike klasser med rom for dei fleste utøvarar. Stikkord for innleverte arbeid kan vere: Tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.
Her finn du påmeldingsskjema med rettleiing og reglement for husflidsutstillinga på Dyrsku’n.
Kvifor delta på husflidstevlinga på Dyrsku’n?
– Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum
– Moglegheit for å knytte viktige kontaktar
– Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum
– Moglegheit til å bruke Dyrsku’n som sals-arena
– Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding
– Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar
– Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar
– Verdifull post på CV’n
– Sette fokus på husflid, handverk og design
– Oppretthalde og utvikle tradisjon
Lyst til å delta i tevlinga?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.
Påmeldingsskjema med rettleiing til Husflidstevlinga på Dyrsku’n finn du her.
Delta på husflidstevlinga på Dyrsku’n?
Saman med Norges Husflidslag som fagansvarleg arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design, før arbeida vert synt fram i ei spennande utstilling under marknadsdagane på Dyrsku’n. I utstillinga kan du og sjå ei dagsaktuell særutstilling, spennande gjesteutstillarar, demonstrasjon av handverksteknikkar og flotte elev- og studentarbeid.
Lyst til å delta i tevlinga?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.
Påmeldingsskjema med rettleiing til Husflidstevlinga finn du her.