Knut Buen ein uvanleg allsidig folkekunstnar

For å teikne eit bilete av alt han driv med, treng ein eit heilt lass med titlar: folkemusikar og komponist, rosemålar og historieforteljar, folkeminnesamlar og kultur­formidlar, gardbrukar og forretningsmann.

09.09.2020
Kultur på Dyrsku'n sidan 1866

Men mest kjent er han nok likevel som spelemann. Han er ein av Noregs aller beste til å traktere hardingfela.

No står han på terrassen på garden i Tuddal i Telemark, på solsida av Gaustatoppen, og ynskjer oss velkommen til gards. Dette er garden han vaks opp på etter at han som femåring flytta hit til tanta og onkelen sin.

– Det var mange årsaker til at det vart sånn, og etter ei stund adopterte dei meg au, seier han.

Den vesle «Gammern»

Som born likte han best å vere i lag med godt vaksne folk, mange av dei var 60–70 år gamle.

– Eg hadde venner som blei født i 1870, eg, då eg var gutunge. Dei var så artige, originale, fargerike og ordhage, så eg synest det var så spennande å vere i lag med dei, seier 71-åringen.

 

Han er ikkje i tvil om at han vart påverka av å vere så mykje i lag med dei eldre.

– Både meiningane mine og haldninga mi då eg gjekk var litt gammaldags, eg vart litt «krokut», liksom. Gamlingane syntest det var veldig festleg med slik ein unge, og eg vart kalla «Gammern» før eg vart ti år, minnest han.

I hjartet og blodet

Allereie som niåring byrja Knut Buen å spele fele. Ikkje så rart, om ein tek ein kik på familietreet. Av dei fem Buen-syskena er tre folkemusikarar og ein bilethoggar. Far var spelemann, og mor var kvedar. Bestefaren og tanta var felespelarar og komponistar, og onkelen var ein kjent felemakar og rosemålar.

Men sjølv trur han det er noko heilt anna enn genetikk som avgjer om ein blir ein god folkemusikar.

– Det ligg vel i grunn veldig lite i blodet. Det er kjærleiken til stoffet som er den mest nødvendige ingrediensen i å ta ein kultur vidare, seier han.

– Det skal ikkje vere meir umogleg for nokon frå Kina eller andre stader å spela ein norsk slått på fele eller klaver, enn det er for oss å spela blues eller rock, seier han.

Tidlege minner frå Dyrsku’n

Frå terrassen på garden her oppe i høgda over Tuddal ser vi ut over skogkledde lier og Bjårvatnet som glitrar i sola. Garden her kor han er oppvaksen hadde husdyrhald, og familien var spesielt opptekne av sau.

Sjølv har han alltid vore glad i og interessert i dyr og kjem godt i hug kor stas det var med alle dei fine telemarkskyrne som vart samla i Seljord kvart år.

 

– Det var noko spesielt fint då Borghild Glosimot kjem leiande med fyrstepremiekua si og eg fekk spela til det. Då synest eg at eg var godt inne i telemarkskulturen, fortel han og ler.

– Kva hjelp det å tenke då?

Heime i Tuddal vekslar det fort mellom skjemt og alvor. Det er mykje som kan uroa og mykje som kan glede i denne verda, og Knut Buen har historier og meiningar om det meste, for ikkje å gløyme sitat og referansar.

Mellom eigne betraktningar om alt frå økologisk landbruk og «anti-kjøt-propaganda» til folkekunst og Zoom-undervisning, kjem sitat og historier om Olav Duun og Nikolaj Gogol, Buddha og Baruch de Spinoza, Confucius og Jesus.

– Sitat av gode tenkarar blir lite bruka. Folk har tenkt og tenkt og skrive ned, og så blir det skuva inn i ei bokhylle og aldri sitert meir. Kva hjelp det å tenke då? Det var jo meint at det skulle bli bruka i ettertid.

Blant dei som har vore rettesnorer i hans eige liv, finn ein ikkje berre kjente internasjonale tenkarar, men vel så mange er alle dei vise folka han har møtt både her i Tuddal og alle stadane han har reist gjennom åra.

– Ein gammal tuddøl kan ha veldig mykje til felles med Buddha. Menneske er menneske uansett kor han kjem ifrå. Vett og forstand er tverrfolkeleg, seier han.

Han meiner det ikkje finst éin religion, éin kultur eller eitt menneskje som har svara på alt. Det gjeld å ta til seg det beste, å sjå det positive.

– Nokon gong treffer du på galningar, og så treffer du på vettuge folk att, seier han og ler.

Skjemt og alvor

Han gjer ein del av det. Ler, altså. Ein smittande, støytvis latter som nær sagt skyt ut av han så heile han – ruta-skjorte og skinnvest og det heile, rister.

Alle som har vore på Dyrsku’n dei siste åra, har nok fått med seg Knut Buen og makker Halvor Kleppen i Møt landbruket-teltet, kor framsyninga «Skjemt og alvor med Knut og Halvor» har teke publikum med storm.

– Det har vore veldig oppbyggeleg å drive med, seier han sjølv.

– Eg hadde òg gleda av å samarbeide med Sigurd Telnes i mange år, og alt eg har fått vore med på på både Sterke Nils-tunet, i Gongestogo og i husflidsavdelinga har gitt meg veldig stor glede, legg han til.

Ekstra stas er det at det skjer på akkurat Dyrsku’n, som han meiner er ein stor opptur for heile Telemark, ein stad som gjev moglegheiter.

– Det er veldig fint at det er ein plass som styrker bøndene og landbruket i den graden som Dyrsku’n gjer. Det er ein stad der me ikkje er redde for å rope hurra for bondeyrket og landbruket og husdyrhald.

– Bilete på eit godt demokrati

Etter at han kom heim frå ein tur til Beijing for nokre år sidan, vart han bedt om å skildre marknadane i Beijing.

– Då slong eg berre ut av meg at det ikkje er noko eg kan samanlikne Beijing med, anna enn Dyrsku’n i Seljord, minst han.

– Det er ein enorm storleik på marknadane i Beijing, men det byrjar å utvikle seg veldig i Seljord au.

Han ser likskapsstrekk i alt frå mark­nadsføringa og handels­ideologien til mangfaldet og det enorme folkelivet. Begge stader yrar det av både folk og dyr.

– Dyrsku’n er ei veldig stor bygde-norsk samling og ein valdsam, nesten internasjonal marknad, der folk frå ulike kulturar og nasjonar møtest til handel og vandel på ein veldig demokratisk måte. Eg ser på Dyrsku’n som eit bilete på eit godt demokrati.

Foto: Mona B. Kasin/Dyrsku’n