Kremmaren frå Bø

Jan Helge Sønstebø er tredje generasjon kjøpmann på det som no heiter Sønstebøtunet i Bø i Telemark. Han har vakse opp i butikken og hugsar godt fyrste gong han var med på Dyrsku’n.

12.09.2021
Jan Helge Sønstebø har vakse opp i butikken Sønstebøtunet i Bø, Telemark

Tekst: Aina Kristiansen  Foto: Haakon Sand

 

Bø kallar seg ei student- og sykkelbygd, men har lenge vore kjent som rånebygd. Etter at NRK gjorde stor suksess med serien «Rådebank», kan det verke som stadig fleire omfamnar dette omgrepet, og «rånestripa» i Bøgata har til og med vorte ein turistattraksjon.

At stripa er populær, er lett å høyre her vi sitt på uteserveringa på Sønstebøtunet. Det einaste som overdøyver motorduren, er dei høge bass-dunka frå kraftige høgtalarar, og det er tidvis vrient å høyre kva senterleiaren seier. Etter nokre «hæ?» og nokre pausar under dei høgste dunka, kjem høgdepunkta frå historia om familiegeskjeften på rekke og rad, som lågtliggande bilar på ei rånestripe.

Handelsfamilie

Det heile starta med bestemor Marie Sønstebø, født Haugland. Ho kom opphaveleg frå Stord og var styrar av mjølkeutsalet på Oterholt. Det var her ho møtte Hellek Sønstebø, son av ein kjøpmann som dreiv butikk på same staden. Dei to gifta seg i 1919 og fekk to born, ei dotter og ein son. Med ein eigenkapital på 800 kroner starta dei i oktober 1928 dei sko- og manufakturforretninga M. Sønstebø i G.O. Haugens hus. M-en sto for Marie.

– Det var ho bestemor som dreiv butikken, ho som var drivkrafta. Ein måtte ha handelsbrev for å gjere det på den tida, og det var det berre ho som hadde. Bestefar var ein litt annan type og dreiv ei bilrute mellom Årnes og Kviteseid, fortel Jan Helge.

Etter tre år i bygget som seinare husa Bø Samvirkelag, overtok dei ei tomt kor dei bygde hus. Butikken låg i fyrste etasje, med ei grunnflate på 56 kvadratmeter, og familien på fire budde i andre etasjen. Butikken vart utvida i 1937, men dei tok aldri opp noko lån.

– Det var trongt med pengar, men dei jobba hardt og spara pengar til nybygget og bygde stein for stein, fortel Jan Helge.

Krigsåra var harde, òg for butikkdrifta, men dei klara seg. I 1967 overtok sonen Jens drifta. Kona Borgny var ekspeditør og ein viktig partner i butikken. Margit, Marie og Hellek sin fyrstefødde, jobba også i butikken frå ho var ung, så dette var verkeleg ei familiebedrift.

Heller ikkje under Jens si tid, vart det tatt opp lån, sjølv om han tok bedrifta gjennom ein enorm ekspansjon. I 1973 blei butikken utvida til 1300 kvadratmeter over tre etasjar. Mange kom langvegsfrå for å handle på Telemarks største tekstilhus.

Ein av dei fyrste på Dyrsku’n

Frå midten av 1960-talet hadde Sønstebø fast plass på Dyrskuplassen i Seljord. Då utstillinga vart lagt fast til andre helga i september i 1968, auka ho sterkt i omfang. Sønstebø var ein av dei fyrste tekstilbutikkane som opna stand, fyrste gong i form av eit telt på 60 kvadratmeter.

– Eg var vel med på Dyrsku’n frå eg var ni år i 1967. Det eg hugsar best, er at det var frykteleg mykje jobb. Kvar dag måtte vi flytte varene mellom Dyrsku’n og tante og onkel, som budde i Seljord. Om morgonen måtte vi fylle opp med varer, og kvar kveld måtte heile teltet tømmast, så då var det inn at i lastebilen med alt saman, minnest Jan Helge.

I starten var det for det meste landbruksmaskinar og husflid som deltok på stand, men etter kvart tok handelsbiten heilt av. Messa forandra seg, med stadig fleire moglegheiter for både planlagde og mindre planlagde kjøp.

– Dyrsku’n har lenge vore høgdepunktet i året for mange, men har òg forandra seg mykje. Før var det ikkje reint få som hadde tradisjon med å spare seg opp pengar og dra på Dyrsku’n for å handle. Mange gjorde det til tradisjon å utsetja dei store inn-kjøpa sine til denne helga, seier Jan Helge.

– Og så var nok enno meir fest på Dyrsku’n før. Det er proffare no.

Handel og vandel på Dyrsku’n var ikkje heilt som andre stader. Han hugsar spesielt ei historie om ein transaksjon av den meir impulsive sorten.

– Ein kar eg prata med på stand eit år fortalte om ein gong han var der som publikum, før han sjølv fekk firma og stand. Han hadde lege i eit kvitt, lite knappetelt inne på Dyrskuplassen, der som parkeringa er no. Dei hadde vore ein gutegjeng som festa godt, og då han vakna om morgonen, sto det ei ku bunden fast i teltstonga og rauta. Kua hadde dei kjøpt i løpet av natta.

Jan Helge Sønstebø har vakse opp i butikken Sønstebøtunet i Bø, Telemark

Jan Helge Sønstebø har vakse opp i butikken Sønstebøtunet i Bø, Telemark og hugsar godt fyrste gong han var med på Dyrsku’n.

Ein vaskeekte kremmar

Jan Helge ville opphaveleg bli snikkar, men etter å ha gått på handelsskulen i Bø og Norsk Kjøpmannsinstitutt i Oslo mot slutten av 1970-talet, fekk han blod på tann. No var det kremmar han skulle bli, og slik vart det. Han gjekk kurs og jobba ei rekke stader rundt om i landet, før han gradvis tok over drifta av Sønstebø i Bø. I dag er det han som eig 69 prosent av aksjeselskapet, resten deler faren Jens, kona Tove og dei to borna deira, Monica og Morten. Både kona og dei to borna jobbar på senteret – ja, når dei ikkje er i foreldrepermisjon, då. Det har nemleg vorte tre barneborn dei siste åra.

– Ja, vi er ei skikkeleg familiebedrift, det er det ingen tvil om, seier han mellom bassdunka frå Bøgata.

Jan Helge har pågangsmot som far sin, og også han har utvida betrakteleg. I 1999 innvigde dei Sønstebøtunet med ei flate på 4000 kvadratmeter. Dette var altså fyrste gong verksemda tok opp lån. Opphaveleg såg dei for seg ei utviding til 12–13 millionar. Dei enda på 30. Heile bedrifta blei samla under eit tak, og nye bransjar som kafé, kolonial og frisør og negleverkstad kom til. I 2012 utvida dei til kjøpesenteret som står der i dag.

– I dag har vi rundt 30 tilsette, og dei er som ein stor familie, alle i hop. Lojale er dei òg. Det er sjeldan eller aldri nokon sluttar, og mange har passera 25 år på senteret. Det er temmeleg unikt, seier Jan Helge.

Dyrsku-returen

Han fortel at dei i 1998, fram mot den store satsinga på Sønstebøtunet i måtte dei avvikle tradisjonen om å delta på Dyrsku’n kvart år. Ifølge Jan Helge var det «veldig behageleg» med ei pause, for hausten er alltid ei travel tid på senteret, så det ble eit lengre opphald. Men i 2011 var dei tilbake på Dyrskuplassen. Etter at dei først starta sko og klede, kom dei no attende med dundyner og -puter, sengesett og handdukar. Jan Helge hadde òg fått med seg ein som hjelper han med å sette opp standen og frakte varer til og frå, slik at han ikkje har så mykje med alt arbeidet før og etter sjølve messa lenger. Dermed er det berre fryd og gammen for kremmaren frå Bø å vere tilbake i Seljord kvar september.

I fjor var planen å utvida med eit stort telt til, kor dei skulle selje elsyklar. I år var det arbeidstøy som stod på planen.

– Det med arbeidsklede er noko vi begynte med for ikkje så lang tid tilbake, så vi meiner at Dyrsku’n ville vore ei veldig fin plattform å markere seg på for å vise fram at vi no har fått arbeidsklede, seier Jan Helge.

Han viser oss rundt på bakrommet i av klesbutikkane på senteret. Her heng kjeledressar, jakker, bukser og vestar med varierande grad av neonfargar langs veggane. Kanskje er det desse varene du får sjå på Dyrskuplassen neste år.

– Eg må få berømme Dyrsku’n for den utviklinga og dei grepa dei har tatt, for det gjer at dei skil seg ut. Det er viktig for alle partar, både Dyrsku’n sjølv, oss som har stand der og for publikum. Det at Dyrsku’n klarer å gjere seg sjølv interessante for folk, gjer det til ein attraktiv plass for oss handelsfolk, så vi gler oss til 2022.