Dyrsku'n 8.-10. september 2023

Klikk her for å kjøpe billetter

Billett og opningstid

Skuledag på Dyrsku’n?

Dyrsku’n i Seljord er landets største landbruks- og matmesse.

På Dyrskuplassen vil det vera mange fagtema som kan leggast inn i undervisning og som prosjektarbeid for skuleklasser. Vi nemner; husdyr, landbruk, anleggsmaskiner, lokalmat, husflid, handverk, kultur, reiseliv, folkeliv og handel.

Vi vil spesielt tilrå skulane å besøke:

Sterke Nils-tunet, der ein kan oppleve gardsdrift og handverk på gamalt vis.

Husdyrhallen med presentasjon av moderne og framtidsretta norsk landbruk.

Fjoset med utstilling av ku, geit og kjøttfe.

Husflidshallen med blant anna Noregs største premierte husflidstevling.

Matlyst Dyrsku’n – matkvartalet – utstillarar og demonstrasjonar av norske produkt av lokalmat.

Møt-Landbruket teltet – foredrags og debatt arena.

 

Vi kan også etter avtale ordne med orientering og omvising på enkelte arenaer, dersom det er eit ynskje.

Kontakt oss

Dyrsku'n Arrangement AS
For utstillarar