For gjester

Er det lov å ha med hund på Dyrsku’n?

Vi er glad i dyr, men då vi ventar mykje folk og trengsel, anbefaler vi at publikum lar hundar og andre kjæledyr bli heime under Dyrsku’n.

Sjølv om hunden din er vant med dyr, er dyra som er til stades på Dyrsku’n ikkje vant med din hund og om ein okse på over 1 tonn blir redd for hunden din og bryt seg laus, kan det få katastrofale fylgjer.

I nokre område vil det bli adgang forbode for hundar, t.d. i område der det er utstillingsdyr og der det er matsal innandørs. Hund og eigar vil bli synt vekk frå desse plassane dersom oppmodinga ikkje blir etterkome.

Kontakt oss

Dyrsku'n Arrangement AS
For utstillarar