For utstillar

Utstillar og treng overnatting på Dyrsku’n?

Det er fullt mogleg å overnatte i campingvogn/bobil når du er på Dyrsku’n, så lenge du har bilen på din eigen stand og denne ikkje er plassert synleg for publikum.

Dersom du ynskjer andre moglegheiter, har vi ein utstillarcamping med dusj/wc/straum å eit område rett på utsida av Dyrskuplassen.

Hugseliste for deg som skal overnatte på Dyrskuplassen

Ha røykvarslar og brannslukningsapparat montera i vogna/bilen. Brannvaktene våre vil ta stikkprøver på dette.
Meld inn antall personar i vogna/bilen på Utstillarkontoret
Ha respekt for andre som ynskjer å sove, dei er her på jobb. På Dyrskuplassen skal det vere ro mellom kl. 24.00-06.00.

For deg som ynskjer å overnatte på utstillarcampingen

Send inn ein elektronisk booking til Grenlandsaksjonen på www.grenlandsaksjonen.no

Ved spørsmål, ring mobil 930 47 303.

LES BRANNVERNREGLANE FOR UTSTILLAR HER

Ikkje det du var ute etter? Sjå her for oversikt over ledig overnatting i området rundt Dyrskuplassen

 

Kontakt oss

Dyrsku'n Arrangement AS
For utstillarar