Brannvernreglar for utstillar på Dyrsku'n

Brannvernreglar for utstillar

Alle utstillarar på Dyrsku’n pliktar å ta ansvar for branntryggleiken på eigen stand og området rundt. Oppdagar du brann? Ring alltid 110 fyrst!

Som arrangør har vi ansvar for branntryggleiken på plassen, vi har kompetente brannmannskap med brannbil og brannutstyr. Dyrsku’n er stor, det er mykje utstyr, mange standar og mykje folk som kan gjere det problematisk ved utrykking inne på plassen. Det er viktig at alle utstillarane fylgjer reglane. Særleg viktig er det å halde seg innan tildelt område slik at evt. utrykkingskøyretøy kjem fram.

BRANNMANNSKAP

Brannvernleiar og brannfolka vil gå brannvernrundar på plassen under rigging av stand og under Dyrsku’n. Alle utstillarar må rette seg etter dei eventuelle pålegg som blir gjeve av desse. Har de  spørsmål om bruk eller oppbevaring av brannfarleg utstyr/ materiell – spør brannfolka om faglege råd.

RØYK-/GASSVARSLARAR OG SLØKKJEUTSTYR

Alle utstillarar må ha godkjent brannslokkar-apparat på standen, på pulverapparat er kravet 6 kg ABC. Alternativet er 6 kg -liter skumapparat, effektivitetsklasse 21 A.

Dersom du overnattar i campingvogn på standplassen din, skal det vere montert røykvarsling i campingeininga. Dette er fyrst og fremst for eigen tryggleik, ein røykvarslar vil varsle deg tidleg nok til at du og naboane kan komme i sikkerheit.

BRUK AV OPEN ELD

Det er ikkje tillate med open eld på plassen utan godkjenning. Grilling kan berre skje ute og etter at utstillinga er stengt for kvelden. Det skal vere minst 1 meter avstand frå telt/campingvogn. Forlat aldri ein glødande grill. Eingongsgrill er ikkje lovleg på plassen.

PROPANLEKKASJE

Dersom du oppdagar propanlekkasje, skal hovudkrana straks stengast og reguleringsventilen koplast frå flaska. Stans all bruk av open eld. Lokaliser lekkasjen, er den frå flaska, bring straks flaska vekk frå campingvogner/telt. Varsle brannvesenet.

VED BRANNTILLØP

Alle tilløp til brann må meldast til vaktene. Det er normalt brannvakter på plassen. Vår  beredskapstelefon er bemanna og i dirkektekontakt med brannfolk. Opplys namnet ditt, kvar du er – standnamn/standnr. og kva som har hendt. Prøv å slokke og hugs å varsle dei som er truga av brann.

BRENNBART AVFALL/PAPP OG PAPIR

Det er viktig at det ikkje blir lagra brennbart avfall, spesielt papp og papir, inne på eller rundt standen. Søppelbilen vil samle inn papp, papir og plast kvar kveld. Alt svært brannfarleg materiale må fjernast umiddelbart.

Det er fullt mogleg å overnatte i campingvogn/bobil når du er på Dyrsku’n, så lenge du har bilen på din eigen stand og denne ikkje er plassert synleg for publikum.

Dersom du ynskjer andre moglegheiter, har vi ein utstillarcamping med dusj/wc/straum å eit område rett på utsida av Dyrskuplassen.

Hugseliste for deg som skal overnatte på Dyrskuplassen

Ha røykvarslar og brannslukningsapparat montera i vogna/bilen. Brannvaktene våre vil ta stikkprøver på dette.
Meld inn antall personar i vogna/bilen på Utstillarkontoret
Ha respekt for andre som ynskjer å sove, dei er her på jobb. På Dyrskuplassen skal det vere ro mellom kl. 24.00-06.00.

For deg som ynskjer å overnatte på utstillarcampingen

Send inn ein elektronisk booking til Grenlandsaksjonen på www.grenlandsaksjonen.no

Ved spørsmål, ring mobil 930 47 303.

LES BRANNVERNREGLANE FOR UTSTILLAR HER

Ikkje det du var ute etter? Sjå her for oversikt over ledig overnatting i området rundt Dyrskuplassen

 

Åpne på egen side

Dersom du har ein tilsett som skal jobbe kun ein dag på Dyrsku’n, kan du kjøpe dagskort som bytast inn i eit band som er gjeldande valfri dag.

Meir informasjon om dagskort utstillar finn du her.

Åpne på egen side

På Dyrsku’n har vi tilrettelagt for at utstillarane skal få seg eit pusterom og litt næring i kroppen.

Utstillarkantina finn du på Storstogo, i samme lokale som utstillarkontoret. Her kjem du berre inn med id-band som adgangsbevis (kundekort gjeld dessverre ikkje). Vi serverer berre heimelaga mat med norske råvarer.

 

 

Åpne på egen side

Tildeling av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut 1. februar. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, truleg i slutten av mars.

Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig.

Ytterligere informasjon om tildeling av standplass finn du her.

Åpne på egen side

Påmeldingsavgifta er å rekne som eit administrasjonsgebyr som ikkje vil bli refundert.

Informasjon om påmeldingsavgift og standleige finner du her

 

Åpne på egen side

Siste frist for avbestilling av standplass er 15. juni. Ved avbestilling etter oppgitt dato, må standleige betalast i sin heilheit.

Les meir om gjeldande reglar for utstillarar her

Åpne på egen side