Mangfald av bryggeri på Dyrsku’n

Det blir eit spennande mangfald av bryggeri i sider- og ølbaren på årets Dyrsku, her kan de stifte nærare kjennskap til følgjande bryggeri:

09.09.2025

Jåttå Gardsbryggeri

Jåttå Gardsbryggeri ligg på ein gard på Jåttå i Stavangers grøne lunge, mellom Stavanger by og Sola lufthamn. Bryggeriet vart starta i 2015 og feirar i år 10-årsjubileum i vår streben etter å laga så norsk og godt handverksbrygg som mogleg.

Jåttå Gardsbryggeri meiner dei er «Noregs norskaste bryggeri» og er opptekne av å bruke så norske råvarer som mogleg til ei kvar tid. Norsk malt, sjølvdyrka humle, kveik og eigne frukter og grønsaker er noko av det vi gjer for å etterleva det genuine ved å vere eit gardsbryggeri.

Helnorsk-serien er eit døme på øl der innhaldet er 100 % norsk, men sjølv i ølstilar der det ikkje er mogleg, jobbar vi for å ha så høgt norsk innhald som mogleg i brygga – rett og slett fordi vi trur nordmenn er opptekne av kva dei et og drikk.

«Det vi kan dyrke sjølv, dyrkar vi sjølv – og du skal kjenne det på smaken.»

Ekeby Gardsbryggeri

Ekeby Gardsbryggeri ligg i Værne Kloster landskapsvernområde utanfor Moss. Vi dyrkar vårt eige korn som vert malta på Malteriet i Kongsberg. Vi bryggjer om lag 1000 liter øl kvar veke. Vi prøver ikkje å bli så store som mogleg, men så gode som mogleg.

Ekeby har 1000 eigarar og er velsigna av prosten. Besøk oss onsdag til laurdag kl. 11–16.

Bygland Bryggeri – Smaken av djupe dalar

Bygland Bryggeri starta i 2017 i hjarta av Setesdal og har sidan då laga øl med sterke røter i norsk tradisjon og kultur. Vi tek vare på gamle bryggjeskikkar – med kveik, einerlåg og lokale namn – og kombinerer dei med moderne handverk og nyskaping.

Vi bryggjer øl med personlegdom: kvar sort har sin eigen karakter, inspirert av dalen, fjella og folka som bur her.

Bygland Bryggeri er ikkje berre eit bryggeri – det er ein del av kulturen i Setesdal. Vi kallar det innovasjon med tradisjon.

Raet Sideri

Raet Sideri er etablert på Nordre Bergan Gard i Sandefjord. Våren 2024 flytta Tomine og Mikkel til Nordre Bergan Gard og starta på livets reise.

Utan tidlegare erfaring med landbruk selde dei leilegheita i Oslo og flytta til Sandefjord for å starte eit nytt liv som bønder.

Vi står sjølve for heile prosessen – frå dyrking, pressing og tapping. Dette gir oss full kontroll over kvaliteten i alle ledd og lar oss jobbe tett med både naturen og råvarene.

Ved å følgje epla gjennom heile reisa frå hage til flaske, sikrar vi at kvar sider vi lagar er eit ærleg uttrykk for jordsmonnet, eplesortane og veksttilhøva det året.

NeRø Frukt og Sider

I solhellinga mot Heddalsvatnet ligg Nedre Røste Gard. Med utsikt mot Gaustatoppen kan frukttrea spegle seg i vatnet og nyte sol frå alle himmelretningar.

Her dyrkar vi økologiske eple og moreller. Til sider vel vi dei beste epla – ikkje nødvendigvis dei penaste, men dei beste.

Epla blir pressa til råsaft som, etter fleire månaders kjøleg gjæring og litt bondemagi, vert til den norske champagnen. Å produsere sider handlar eigentleg berre om å leggje til rette for naturlege prosessar som skjer overalt i naturen, og kontrollere dei på enkle måtar dit vi vil.

Kvaliteten på sluttproduktet vert aldri betre enn kvaliteten på epla ein haustar.

Lien Gard

Lien Gard ligg idyllisk til ved Norsjø i hjartet av Telemark. Her har vi, saman med våre fire born, skapt nytt liv på småbruket.

På garden produserer vi frukt, bær og honning. Råvarene blir foredla med solid handverk til produkt av høgste kvalitet – alt for å gi ekte matglede med unike smaksopplevingar.
Frukta blir sortert, knust og pressa til rein eplemost. Denne eplemosten gjærer vidare gjennom vinteren til nydeleg og smaksrik eplesider.

Sidrene våre er laga på eple frå eigen gard og frå andre lokale produsentar. Vi har òg blanda inn bær i nokre av sortane og skapt rein magi.

Siderbar – Sidersmaking

På Dyrsku’n kan du bli kjent med siderprodusentar og dei smakfulle og prisvinnande produkta deira. Norsk sider har aldri vore så populær som no – han har utmerkt seg på kvalitet og vunne mange internasjonale prisar.

Bli med på sidersmaking med smakar av lokalmat på Dyrsku’n i TettPå liten.