Matreise i norsk matkultur

Bli med på ei spennande matreise i norsk matkultur på Dyrsku’n. Her går vi «tett på maten», med sanselege matopplevingar på dei ulike mat-arenaene på Dyrsku’n.

16.08.2022
Ystebui på Sterke Nils-tunet

På Sterke Nils-tunet får du innblikk i sjølvberging på husmannsplassen i møte med Telemarkskyri og budeia. Her kan du følgje mjølka si reise frå ku til bord, prøve å separere mjølk, sjå korleis mjølka blir ysta og kinna, samt nyte ein smakfull tallerken med smakar av norsk tradisjonsost, samansett av Bondelagskokken Mette Julius Evensen.

Turen går vidare til Matkvartalet der du møter lokalmat-utstillarar frå heile landet som byr på eit mangfald av spennande lokalmatprodukt og Lokalmat-kjøkkenet som lagar lokalmat-pizza. Her kan du presse din eigen eplemost, bli servert eplejuice og fersk gjærbakst frå steinomnen i tunet. Ein får også med seg gode tips vidare om matprogram og matservering på området.

Velkomen til ei opplevelsesrik matreise!

Varigheit: 2 timar

Oppmøte: Stogo, 2 etg. Stogo finn du til høgre rett på innsida av Hovudporten

 

KJØP BILLETT