Med bunad i sentrum

I desember i fjor blei bunaden skrive inn på UNESCOs representative liste over immaterielle kulturarv, og i år får tradisjonen skin i Hall B, kor husflid og handverk knytta til bunad blir løfta fram.

03.09.2025
Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Det er årsaken til at det er nettopp bunad som er hovudtema for husflid på Dyrsku’n i år, fortel Anna Katharina Garmeister. Ho er prosjektleiar for Husflidutstillinga og jobbar til dagleg i Vest-Telemark Museum. Ho understrekar at lista no inkluderer bunadsbruken i Noreg, tradisjonshandverket og den sosiale praksisen – ikkje sjølve plagget.

– Dette er noko Norges Husflidslag har jobba mykje med, og samarbeidet med dei på Dyrsku’n er viktig for oss. Dei sit på mykje kompetanse og bistår alltid med mange gode råd, seier ho. Bunaden er eit veldig spesielt plagg, og det finst om lag 450 ulike bunadar i Noreg. Eigentleg er det eit konstruert klede med bakgrunn i folkedraktane som fanst i kvar bygd og kvart område, fortel Garmeister.
– Kvar ein nordmann og nordkvinne kjenner til bunaden, og det finst ein nasjonal stolthet i desse kleda, seier ho.

Bunadustilling

For å feire bunaden blir det difor ei bunadsutstilling i Hall B, med fokus på bunadar frå Telemark. Målet er å stilla ut bunadane så komplette som mogleg, altså inkludert sylv, i glassmontre.
– Vi skal ha ein kvinne- og ein herrebunad frå kvart av områda: Vest-Telemark, Aust-Telemark og Tinn. Det er mellom anna ei Anne Bamle-drakt.

Anne Bamle var ei bunadsyerske som fekk stor innverknad på korleis fleire av bunadane frå Aust-Telemark utvikla seg. Særlig kjend er ho for det ho sjølv kalla Heddalsbunaden, som var utgangspunktet til Aust-Telemarksbunaden ofte kalla raudtrøyebunad. I tillegg blir dei ei utstilling med norske folkedraktar i Gongestogo, fortel prosjektleiaren.

Sjå handverkarar i arbeid

– I særutstillingen, som heng saman med bunadsutstillinga i Hall B, vil vi vise fram handverket, sånn at publikum kan få sjå korleis ein handverkar arbeider. Eg har funne tre handverkarar som skal vere der i år, seier Garmeister.

Dei tre handverkerane driv alle med ulike former for bunadtilverking, og under Dyrsku’n får du høve å møta dei, sjå dei arbeide og stilla spørsmål.
– Formidling er veldig viktig for oss. I dag kjøper me jo ofte ting utan nokon forståing for korleis ting blir til og kor mykje arbeid som ligg bak, særleg alt som ikkje er masseprodusert. Handverkarar går årevis i utdanning for å lære seg eit handverk, og så skal man produsere og leve av det. Det handlar litt om å forstå kva som inngår i prisen på det ferdige produktet, forklarer Garmeister.

Gjesteutstillarar og unge handverkarar

Årets gjesteutstillar er Arne Magnus Johnsrød, mangeårig lærar ved både Kunsthøgskolen og i Rauland, på det som då heitte Høgskulen i Telemark.
– Han er koryfé i faget sitt og skal stille ut sølvkannar, som då går meir under arbeidet til ein sølvsmed, som lagar meir profane ting i sølv, som tallerkener og kannar, seier Garmeister.

I den andre gjesteutstillinga, er temaet «Frå hjarte til hjarte», kor fleire gullsmedar og filigransarbeidarar har brukt hjartesølja som inspirasjon for å lage ei sølje eller eit smykke. Filigran inneber at ein brukar gull- eller sølvtrådar som er fletta eller vridd i spesielle mønstre for å lage eit smykke, ei utsmykking eller liknande.

Britt Elin Havnås er ein relativt nyetablert gullsmed og filigransmed frå Grimstad. Der driv ho bedrifta Brisingamen, kor ho lagar historiske smykker. Garmeister fortel at ho skal stille ut smykker i sølv i mellombygget mellom Hall A og Hall B. Der vil du også
finne Norges Husflidslag sin stand, kor dei mellom anna vil ha ein quiz.

Rosemåling er tilbake i tevlinga

Dyrsku’n er ein av dei største og viktigaste arenaene for formidling av norsk husflid, handverk og design i Noreg. Som seg hør og bør blir det også i år utstilling med gjenstandar frå den nasjonale tevlinga, som har som mål å ta vare på både tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.
– Konkurransen er ikkje ein konkurranse mellom gjenstandene, men kvar gjenstand vil få si eiga vurdering frå erfarne fagfolk. Det er Norges Husflidslag som finn og kvalitetssikrar dommarane, seier Garmeister.
I år blir det konkurrert i kategoriane tekstil, tre, sølv, kniv, smiing, keramikk og rosemåling. Rosemåling er med andre ord tatt inn att, etter at det blei tatt ut tidlegare år grunna for få innsendte gjenstandar.
– Det er gledeleg at rosemåling er tilbake. No ser vi at også sølv er ein utsett kategori, med veldig få innsendingar dei seinare åra, og difor har vi valt å fokusere litt ekstra på det også i særutstillinga. Vi håper at denne kategorien får eit løft i år!

Samarbeid

Utstillinga på Husflid, handverk og design er eit resultat av eit tett og verdifullt samarbeid mellom Norges Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Dyrsku’n.

For Dyrsku’n er både Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum heilt sentrale samarbeidspartnerar. Dei bidreg med fagleg tyngde, breitt nettverk og engasjement, og saman løfter vi fram tradisjon og nyskaping innan husflid og handverk, og gjev publikum ei unik oppleving.

Utstillinga speglar både det historiske handverket og moderne design, og viser korleis tradisjonar kan vidareførast og utviklast for framtida. Slik blir samarbeidet eit sterkt døme på korleis kulturarv, kvalitet og skaparglede kan møtast på Dyrsku’n.

NORGES HUSFLIDSLAG

  • Norsk kultur- og interesseorganisasjon for kulturvern, handlingsbåren kunnskap og næringshusflid
  • Stifta 12. oktober 1910
  • Organiserer over 350 lokale husflidslag, 19 fylkeslag, meir enn 20 000 medlemmer inkl. handverkarar og butikkar

VEST-TELEMARK MUSEUM

  • Formidlar kulturarv, folkekunst og handverkstradisjonar frå heile Vest-Telemark.
  • Har hovudmuseum i Eidsborg med faste og skiftande utstillingar, aktivitetspark og handverksaktivitetar.
  • Legg vekt på å levandegjere immateriell kulturarv og gje publikum opplevingar som knyter saman historie og skaparglede.

HUSFLID PÅ DYRSKU’N

Her kan du sjå programmet for Dyrsku’n.

Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Vendsøm til folkedrakt

Dina Harkmark Lie er skomakar og bur i Rauland, kor ho driv Harkmark sko. Under særutstillinga skal ho sy vendsøm, ein tradisjonell teknikk frå mellom anna sko til folkedrakter. At ein sko er sydd med vendsøm vil seie at såle og overlær blir sydd saman medan skinnet er vrengt, altså med innsida ut. Heile skoen blir sydd opp ned, før ein til slutt vrenger skoen rett veg.
– Ho skal òg stille ut nokre sko, så her kan du få med deg både arbeidet undervegs og eksemplar på ferdige produkt, seier Garmeister.

Handsøm av trøyer

Anders Storøygard og Thorstein Sjursen er skreddere og held til i Oslo, kor dei driv Th. Sjursen & Co. Anders er opphavleg frå Vest-Telemark, kor han vaks opp med å lære frå bunadtilverkarar. Under Dyrsku’n skal dei to skreddarane sitte ved eit bord og sy for hand på tradisjonelt vis, så her kan du sjå både handsøm og korleis ein kutter til eit plagg i praksis.
– Akkurat kva dei skal sy er ikkje heilt sikkert enno, men det blir i alle fall bunadsrelatert – sannsynlegvis anten gråkufte eller raudtrøye.
Gråkufte er ei trøye, som i bunadssamanheng vil seie jakke, som er laga av ufarga eller grått vadmel. Raudtrøye er ei raud jakke med broderi, særleg kjend frå Aust-Telemark.

Gravering av sølv

Ane Haugen Gathe er gravør, gullsmed og smykkedesignar med tilhald i Telemark, kor ho òg har verkstad og driv Gravør Gathe. I Hall B vil du kunne sjå ho gravere sølv, ein teknikk som også blir mye brukt innen produksjon av bunadssølv.
– Sjølv om til dømes hovedmodellen i skospenner blir støpt i dag, må ein gravere originalmodellen, altså den støpeformen blir laga av. Det finst òg ein del ulike knappar til bunad som blir gravert, seier Garmeister, som sjølv er utdanna gravør.
Sidan det er veldig smått og detaljert, det Gathe arbeidar med, vil det vere ein skjerm på bordet der publikum kan sjå skikkeleg kva det er ho gjer når ho graverar, fortel Garmeister.