Søknadsskjema opent

Er du utstillar og vil søke om standplass på Dyrsku’n?

Søk innan 1. februar 2023

13.12.2022
Send inn din søknad om standplass til Dyrsku'n innan 1. februar

Send inn din søknad til Dyrsku’n 2023

Endeleg fekk vi lov å arrangere Dyrsku’n att! Vi vil rette ein spesielt stor takk til deg som utstillar på Dyrsku’n, og håpar du hadde gode dagar i Seljord og Dyrskuplassen. Med 89.600 besøkande, god handel, nøgde gjester og utstillarar, er vi særs tilfreds med årets messe, og ser stort fram til Dyrsku’n 8.-10. september 2023.

Vil du søke om standplass for Dyrsku’n 2023, fyll ut søknadsskjemaet innan 1. februar. Søknaden vil ikkje vere klar for registrering og vidare behandling før vi har mottatt innbetaling av påmeldingsavgifta.

Vi startar tildeling av standplassar når søknadsfrista har gått ut, søknader mottatt etter 1. februar vil automatisk bli sett på venteliste.

Vi håpar å sjå søknaden din – skulle du oppleve problem ved registreringa, eller det er andre ting du har lyst å dele med oss, må du gjerne ta kontakt.

Send inn din søknad til Dyrsku’n 2023