Dyrsku'n 9.-11. september 2022

Klikk her for å kjøpe billetter

Kjøp billett til Dyrsku'n

Adgang for utstillar

Under Dyrsku’n er Dyrskuplassen eit avgrensa området. Finn ut korleis du og dine kundar får adgang til plassen. 

NB! Desse alternativa kan bli endra på kort varsel med omsyn til smittevern.

 

Kundekort

Utstillar kan invitere kundar til messa ved å tinge kundekort som blir sendt til utstillaren i god tid før utstillinga. Desse får kun inngang i opningstida til marknaden. Unytta kort må returnerast snarast, og seinast innan utgangen av september, og vil då bli kreditera etter arrangementet. Det er mogleg å kjøpe fleire kort på Utstillarkontoret under sjølve Dyrskuhelga.

Korta gjeld som inngang for ein – 1 – dag. Kortet gjeld ikkje som inngang i Utstillarkantina på Storstogo.

 

ID-Band / Dagskort utstillar

Alle utstillarar må ha ID-band for å kome inn på utstillingsområdet. Det er 2 stk. ID-band inkludert i standleiga. Desse gjeld som inngang heile Dyrskuveka, til alle døgnets tider. Du må og ha id-band for å kome inn på utstillarkantina i Storstogo. Treng du fleire id-band, kan det tingast på søknadsskjemaet eller ein kan få kjøpt dette på Utstillarkontoret under marknaden. Med dagskort utstillar har du samme rettigheiter – men kun for ein dag.