Bli med bak kulissane på Nasjonal tevling for husflid, handverk og design

Kvart år blir kring tjuge ekspertar handplukka som dommarar til Nasjonal tevling for husflid, handverk og design på Dyrsku’n. Kven er dei, korleis vert dømminga gjennomført og kva verdi har tevlinga for deltakarane? Vi tek ein kikk bak kulissane.

06.02.2026

Ei rik historie

Sidan starten på 1960-talet har tusenvis av arbeid vore med på tevlinga. Mellom 11 000 og 15 000 handverksarbeid er vurderte, og rundt 1 200 dommarar har bidrege til konstruktive faglege tilbakemeldingar.

I dag er konkurransen og utstillinga eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Dyrsku’n.

Husflidsutstillinga 1966. (Foto: Dyrsku’n Arrangement AS)

Husflidsutstillinga 1966. Foto: Dyrsku’n Arrangement AS.

Dette er tevlinga/utstillinga på Dyrsku’n:

  • Starta: tidleg 1960-tal
  • Arbeid vurdert: 11 000–15 000
  • Dommarar: ca. 1 200 totalt gjennom historia
  • Kategoriar: Tekstil, tre, sylv, smiing, kniv, keramikk, rosemåling
  • Samarbeid mellom Norges Husflidslag, Vest-Telemark Muesum og Dyrsku’n

Kven er dommarane?

Norges Husflidslag har fagansvar og rekrutterer dommarar med solid fagkompetanse.

– Vi ønskjer ei gruppe som utfyller kvarandre fagleg, med brei erfaring og ulik alder, seier Evelyn Utigard, ei av dei fagansvarlege for tevlinga. Målet er å setje saman ei dommargruppe som gir konstruktive, faglege vurderingar som deltakarane kan lære av.

Rekrutterer dommarar. Evelyn Utigard frå Norges Husflidslag Foto: Ola Dybendal

Rekrutterer dommarar. Evelyn Utigard frå Norges Husflidslag Foto: Ola Dybendal.

Slik går dømminga føre seg

Dommardagen vert fastsett tidleg på året. Alle arbeid som kjem inn til konkurransen er anonymiserte, og kvar dommar vurderer arbeida individuelt etter eit poengskjema tilpassa den aktuelle kategorien. Nøytrale sekretærar skriv ned grunngjevingane frå dommarane, slik at deltakarane får konkrete og faglege tilbakemeldingar.

Dømmingsprosessen:

  • Arbeida anonymiseres
  • Dommarane vurderer etter poengskjema
  • Sekretær fører poeng og kommentarer
  • Tilbakemeldingar vert delt med deltakarane

Tevling mot seg sjølv

Premiegrad blir avgjort av poengsum, ikkje ved direkte konkurranse mot andre. Det betyr at fleire arbeid kan få fyrstepremie, og at også arbeid utan premie kan vere svært godt utførte.

Dommarane diskuterer fagleg og kjem fram til konstruktive råd som deltakarane kan ta med seg vidare.

Eksempel på utfylt vurderingsskjema

Eksempel på utfylt vurderingsskjema.

Prisar og diplom

Etter at sjølve dømminga er fullført, kan dommarane nominere enkeltverk til fleire prisar og diplom. Ein jury, samansett av fagansvarleg frå Norges Husflidslag og prosjektansvarleg ved Vest-Telemark Museum, kårar til slutt vinnarane av Nyskapingsprisen og Stimuleringsprisen. Dette gjer dei på oppdrag frå Dyrsku’n.

Stimuleringsprisen i 2024 gjekk til eit fyrstepremiearbeid i kategorien Tekstil i klasse Open klasse. Dufsesko av Dina Harkmark Lie. Foto: Anne-Lise Surtevju, VTM. 2024.

Stimuleringsprisen i 2024 gjekk til eit fyrstepremiearbeid i kategorien Tekstil i klasse Open klasse. Dufsesko av Dina Harkmark Lie. Foto: Anne-Lise Surtevju, VTM. 2024.

Å vere dommar er eit viktig oppdrag

– Dommarane har stort ansvar, og dei yter ein svært iherdig innsats som omverda ikkje får sjå. Presise kommentarar skal fattast, saman med personar du kanskje aldri har dømt med før, seier Utigard. Det kan vere krevjande og føreset at ein er stødig og fokusert.

For arrangørane er det viktig å sikre at deltakarane får rettvise og konstruktive tilbakemeldingar, ein kan stå inne for. Oppdraget til dommarane er å vere strenge, rettferdige og konstruktive – ein fyrstepremie på Dyrsku’n skal henge høgt. Det inneber at også arbeid utan premie kan vere svært flotte og velutførte.

– I dømmesystemet vert bestemde kriterium vektlagt lagde til grunn, fortel Utigard. – Det hender at folk trur at dei har levert «dårlege» arbeid fordi dei ikkje hamnar øvst på pallen, men slik er det ikkje nødvendigvis. Vi får inn mykje godt og solid arbeid, sjølv om det ikkje oppnår pallplassering.

Tilbakemeldingar som styrker handverket

Keramikkdommar Mascha Burgerhoudt meiner tevlinga er unik fordi ulike faglege blikk skaper gode diskusjonar og læring.

– Handverk kan vere einsamt, så tevlinga er ein verdifull arena for fagleg utvikling, seier ho.

Jørgen Kaldal, som er ein erfaren knivdommar, peikar på verdien av at knivmakarar, gjennom fagleg konstruktive råd, får reiskap til å vidareutvikle handverket sitt.

Keramikkdommar Mascha Burgerhoudt verdset godefaglege diskusjonar som dommar. Foto: Mascha Burgerhoudt

Keramikkdommar Mascha Burgerhoudt verdset gode
faglege diskusjonar som dommar. Foto: Mascha Burgerhoudt.

Frå eit deltakarperspektiv

Willian Riedlinger har delteke i tevlinga fleire gonger, mellom anna då han var student, og har tidlegare vunne prisar for arbeida sine. Han har vore motivert av den unike sjansen til å få grundige tilbakemeldingar som gjer han til ein betre handverkar – samstundes som ein må tole å lese vurderingar ein kanskje ikkje hadde sett føre seg.

William Riedlinger, har tidlegare delteke og vunne prisar for sine arbeid på Dyrsku’n. Han har vore motivert av den unike sjansen til å få smarte tilbakemeldingar som gjer han til ein betre handverkar. Men ein må tole å lese tilbakemeldingar ein kanskje ikkje hadde sett føre seg. Foto: William Riedlinger

William Riedlinger, har tidlegare delteke og vunne prisar for sine arbeid på Dyrsku’n. Han har vore motivert av den unike sjansen til å få smarte tilbakemeldingar som gjer han til ein betre handverkar. Men ein må tole å lese tilbakemeldingar ein kanskje ikkje hadde sett føre seg. Foto: William Riedlinger.

– Det er nok annleis for ein vaksen utøvar som ikkje er vand med å få tilbakemeldingar så ofte, enn for ein student. Likevel er det viktig for mange fagfelt at det finst ein arena som Dyrsku’n, meiner Riedlinger.

Motivasjonen hans for å delta er mellom anna mogelegheita til å få ein systematisk gjennomgang og fagleg grunngjeving av eit utført arbeid.

-Det er heilt særeige å få kompetente råd og tilbakemeldingar frå fagkunnige personar som kan hjelpe meg å ta kloke val. Det er sundt for meg som handverkar.

– Det vil alltid vere nokon som vil vere usamde i dømminga. Dei har trass alt lagt heile sjela si i arbeidet, seier Utigard. Deltakarane har heilt klart gjort dei klokaste vurderingane dei har klart. Dersom ein er sterkt usamd, oppmodar Utigard om å ta kontakt med dei fagansvarlege for tevlinga. I enkelte tilfelle har dømmingar òg vorte etterprøvde av eksterne fagfolk for å sikre at vurderinga er rettmessig. Men skal ein delta, må ein også ha mage til å tole fagperspektiv som avviker frå eigne vurderingar.

Ei levande tradisjon

Tevlinga på Dyrsku’n er den einaste i Noreg som samlar så mange handverksområde på éin stad. Målet er å stimulere husflids- og handverksmiljøet til å skape, levandegjere tradisjonar og vidareføre kunnskap, samstundes som ein tek i bruk både tradisjonelle og moderne uttrykk.

Bidraga vert vist fram i ei stor utstilling under Dyrsku’n, der tusenvis av besøkande kan bli inspirert og lære.

Rosemålingsdommarane i 2025 hadde mange arbeid å vurdere.Gruppa bestod av eit svært erfarent panel med til saman over hundre års utøvande erfaring. Foto: Evelyn Utigard

Rosemålingsdommarane i 2025 hadde mange arbeid å vurdere. Gruppa bestod av eit svært erfarent panel med til saman over hundre års utøvande erfaring. Foto: Evelyn Utigard.

Kategoriar og deltaking

Tevlingsbidraga vert utstilt i ei stor utstilling som kan besøkast i Hall B på Dyrsku'n. Vest-Telemark Museum er kuratorar for utstillinga. Foto: Anne-Lise Surtevju, VTM

Tevlingsbidraga vert utstilt i ei stor utstilling som kan besøkast i Hall B på Dyrsku’n. Vest-Telemark Museum er kuratorar for utstillinga. Foto: Anne-Lise Surtevju, VTM.

I dag tevlar deltakarane i sju kategoriar: tekstil, tre, sylv, smiing, kniv, keramikk og rosemåling. Kniv og tekstil er størst, men arrangørane håpar fleire vil prøve seg innan sylv og smiing. Deltaking frå andre land viser tevlinga si internasjonale appell.

Kategorioversikt:

  • Tekstil – ulike teknikkar
  • Tre
  • Sylv
  • Smiing
  • Kniv – størst kategori
  • Keramikk – ny frå 2022
  • Rosemåling

Populært blant publikum

Hallen med tevlinga blir stadig meir populær.

– Tilbakemeldingane frå publikum har aldri vore betre, seier administrerande direktør i Dyrsku’n Arrangement AS Geir Helge Espedalen. Tevlinga viser mangfaldet i norsk handverk, inspirerer publikum og gir deltakarane ei unik oppleving.

– Det er vakkert å sjå kva som kan skapast når deltakarar, dommarar, arrangørar og publikum er i aksjon, avsluttar Evelyn Utigard.

 

Norges Husflidslag