Temjekurs med høglandsfe

Det regner på Dyrskuplassen, men det er mange som har møtt opp for å få med seg temjekurs av høglandsfe.

16.09.2018

Temjing av dyr er ein tradisjon som strekkjer mange tusen år tilbake i tid.

Høglandsfe er lette å kjenne att med ljosebrunt langt hår og store horn. Dansken Søren og dottera Sofia er godt kjent i miljøet, og er tydeleg på heimebane når det gjeld å handtere desse flotte dyra.

Med eit to meter langt tau viser den erfarne instruktøren korleis ein gradvis skal nærme seg målet om eit roleg og omgjengelig fe. God kommunikasjon mellom handsamar og dyr er ein  svært viktig del av arbeidet.

Søren legg taustumpen på bakenden av dyret for å signalisere at han er der. Dyret skvett litt til og flyttar seg vekk. Han gjentek prosessen fleire gonger.

Det er best å arbeide med minst to dyr samstundes, då held dei seg rolegare, seier han.

Når dyret er vand med denne behandlinga, jobbar han seg fram mot framparten på dyret.

Du skal alltid byrje på denne måten, seier han. Om du byrjar framme kan du få deg ein overrasking. Etter å ha jobba seg framover, viklar han tauet inn i horna på dyret og dreg det litt til seg. Denne øvinga gjentek han til han er fornøgd med responsen han får.

Søren legg vekt på at du må vere roleg, men bestemt, for å lykkast med denne øvinga. Dyra vil merke om du er usikker, nervøs eller sint. «Har du vore i krangel med kona, er det ikkje dagen for dette», humrar dansken.

Du ser at tilvenninga skjer gradvis og dyret blir meir og meir komfortabel med tauet. Ikkje alle dyr er like rolege som dei han temmer i dag, seier han.

Til slutt stend han med dyret i grime og båe to er nøgde med dagens innsats.