Påmelding Husflidstevlinga
Vil du delta i tevlinga? Sjå invitasjon.
Hugs påmeldings- og innleveringsfrist seinast
10. august 2026.
Påmeldingsskjema husflidtevlinga 2026
Husflidsutstillinga - tevling i handverk og design
Bli med bak kulissane på Nasjonal tevling for husflid, handverk og design
Kvart år blir kring tjuge ekspertar handplukka som dommarar til Nasjonal tevling for husflid, handverk og design på Dyrsku’n. Kven er dei, korleis vert dømminga gjennomført og kva verdi har tevlinga for deltakarane? Vi tek ein kikk bak kulissane.
Heidersprisen 2025
Årets heiderspris går til Barbro Tronhuus Storlien. Vinnaren har gjennom fleire tiår vore ei samlande kraft for bunad, handverk og immateriell kulturarv.
Prisar og diplom for godt handverk
Norges Husflidslag deler ut diplom og prisar for godt handverk under årets Dyrsku. Her er vinnarane av diplom for godt handverk og Stimuleringsprisen 2025.
Premieliste
Premieliste for Husflid, handverk og design på Dyrsku´n 2025. Produkta kan du sjå utstilt i Hall B under arrangementet.
Rettleiing til påmelding husflidstevlinga
Her finn du rettleiing og reglement for Husflidstevlinga på Dyrsku'n.
Kategoriar husflidstevlinga
Ynskjer du å få bedømt produktet ditt av ein fagjury? Sjå kategorier for husflidstevlinga her.
Korleis føregår husflidstevlinga
Tevlinga vert arrangert om lag tre veker før marknadsdagane, og handverkarar og designarar frå heile landet kan melde seg på i ynskja kategori og klasse, uavhengig av om dei er amatørar eller profesjonelle. Vi har og eigne klasser for dei som er i ein studie- eller læresituasjon.
Arenaoversikt husflid, handverk & design
Bli betre kjent med husflid, handverk & design på Dyrskuplassen, og kva for område du finn aktivitetar og utstillarar.
Kriteria for husflidsutstillar
Vi har fokus på kvalitet på produkta som blir seld i hall A. Kva for kriteria er det utstillarane må oppfylle for å få tildelt standplass i husflids- og handverkshallen?
Husflidsutstillinga på Dyrsku’n
Saman med Norges Husflidslag og Vest-Telemark Museum arrangerer vi landets største tevling i husflid, handverk og design. Arbeida frå tevlinga blir til i utstilling i Hall B under Dyrsku'n.
Yrande liv og kupp på kniv og klokker
Kniv- og klokketorget har vore ein del av Dyrsku’n sidan slutten av 1800-talet. Slik blir det sjølvsagt også i år, og no tek arrangørane grep for å verna om sjølve kjerna av torget.
Kontakt husflid på Dyrsku’n
Har du spørsmål til oss, eller vil du følge oss på sosiale media?
Når er pris- og premieutdelinga for deltakarane på husflidstvelinga?
Søndag 13. september 2026 kl. 14.00 i TettPå, nær Hovudinngangen. Overrekking av premie, diplom, prisar samt stipend, med kulturelle innslag.
Sjå program for oppdatering.
Her finn du informasjon om årets pris- og premieutdeling i Hall B for deltakarane i husflidstevlinga.
Er det påmeldingsavgift for å delta på husflidstevlinga på Dyrsku’n?
Det tilkjem ei påmeldingsavgift på kr. 370,- som blir fakturert utøvar etter påmelding til husflidstevlinga.
Her finn du rettleiing og reglement for husflidsutstillinga på Dyrsku’n.
Er påmeldt arbeid til husflidstevlinga forsikra gjennom Dyrsku’n?
Mottatte produkt i Nordbygdivegen 60 er forsikra av arrangør.
Her finn du meir informasjon om husflidstevlinga på Dyrsku’n.
Kva for kategoriar kan eg melde meg på i husflidstevlinga på Dyrsku’n?
Kvar kategori er dela inn i ulike klasser med rom for dei fleste utøvarar. Stikkord for innleverte arbeid kan vere: Tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald.
Kvifor delta på husflidstevlinga på Dyrsku’n?
– Marknadsføring og synleggjering for eit stort og interessert publikum
– Moglegheit for å knytte viktige kontaktar
– Verdifull erfaring med å stille ut og ha kontakt med publikum
– Moglegheit til å bruke Dyrsku’n som sals-arena
– Ekstern, objektiv og fagleg tilbakemelding
– Heve kvaliteten på arbeidet ved hjelp av tilbakemeldingar
– Premie og diplom for 1. plass med moglegheit til å vinne spesielle prisar
– Verdifull post på CV’n
– Sette fokus på husflid, handverk og design
– Oppretthalde og utvikle tradisjon
Lyst til å delta i tevlinga?
Tevlinga er open både for profesjonelle handverkarar og for dei som har handverk som hobby. For elevar, studentar, lærlingar og kursdeltakarar er det oppretta eigne klasser, og desse gruppene er spesielt velkomne til å delta.