Husflidstevlinga på Dyrsku'n er Noregs største tevling i husflid, handverk og design

Kriteria for standplass i Hall A

Vi har fokus på kvalitet på produkta som blir seld i hall A. Kva for kriteria er det utstillarane må oppfylle for å få tildelt standplass i husflids- og handverkshallen?

Vi har fokus på kvalitet på produkta som blir seld i hall A, samt eit mangfald i teknikkar innan husflid og handverk. Det vil vere opp til arrangøren i samarbeid med ei fagnemnd å velje kven som får plass i hallen.

Dyrsku’n vil prioritere utstillarar som har dette som næring, nye utstillarar som ynskjer å utvikle seg frå hobby til næring og yngre handverkarar som er i etableringsfasen. Dette må informerast om til arrangør i søknadsskjemaet.

Om utstillarane kan vise fram arbeid i produksjon på standplassen sin, vil dette vere eit pluss.

Dei som ynskjer ein standplass i Husflids- og handverkshallen – Hall A – under Dyrsku’n, sender inn elektronisk søknadsskjema på vårt kundesenter innan 1. februar.

Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand, der kvar enkelt utstillar betaler påmeldingsavgift. Firmanamnet blir publisert på utstillarlista på nett og i messeavisa som blir trykt opp i 120.000 eksemplar.»

 

Praktisk informasjon

  • Søknadsfristen er 1. februar kvart år, og tildeling av standplass vil bli offentleggjort i løpet av mars.
  • Påmeldingsavgift er kr. 500,- eks.mva. Avgifta blir ikkje refundera ved avbestilling og/eller søknad trekt tilbake.
  • Faktura for standleige vil bli sendt ut ultimo mai.
  • Storleiken på standplassane i Hall A er i ulik storleik frå 4-8 kvm. Hovudregelen er at det kun delast ut ein standplass pr. deltakar.
  • Salsstanden skal vere betjent og i drift under marknadens opningstid for gjestene.
  • Bli kjent med reglane for utstillarar på Dyrsku’n.
  • Arrangøren har vakthald på marknadsområdet frå og med måndag i arrangementsveka til og med måndag etter at arrangementet er avslutta. Hallen vert låst utanom opningstid.

Søk på standplass innan 1. februar