Konkurransar og tevlingar

Det heile starta som eit fesjå for Telemarkskyr i 1866.

I 1871 vart utstillinga utvida vidare med dømming av hest. Den dag i dag står desse to dyreslaga framleis som eit av dei viktigaste kjerneområda i marknaden vår, saman med geiteutstillinga.

Vi har ikkje berre fokus på dyr i Dyrsku’n, kvart år får vi inn nokre av dei vakraste husflids- og handverksprodukta frå heile landet som blir sendt til bedømming. Dommarane har alle særmerkt seg i sine fag, og det er uttala at det «er den største og strengaste husflidstevlinga i heile Noreg».

Her kan du sjå resultat og kåringar gjennom heile Dyrsku-helga.

Premieliste

Premieliste for Husflid, handverk og design på Dyrsku´n 2026. Produkta kan du sjå utstilt i Hall B under arrangementet.

Årets mat og drikke produkt 2026
Mat

Årets mat- og drikkeprodukt 2026

Vinnaren av Årets mat- og drikkeprodukt 2026 er Skakke Røykeri med Skakke bålbacon. Vinnaren er ein produsent som har arbeidd med tradisjonar og kvalitet sidan starten av 2000-talet.

Årets lokalmatgrunder 2026
Mat

Årets Lokalmatgründer 2026

Vi gratulerer Superkraftmat frå Nes på Hedmarken i Innlandet, som er kåra til Årets Lokalmatgründer 2026. Vinnaren blei kåra fredag under Dyrsku’n. Gründerprisen er etablert av MENY og HANEN, i samarbeid med Dyrsku’n.

Årets Unge Bonde 2026

Årets Unge Bonde 2026

Vi gratulerer Iselin Mentzoni Eliassen og Jørgen Juul Thomassen frå Buktenes gard i Troms, som er kåra til Årets Unge Bonde 2026.

Bilete: Geir Helge Espedalen og Marit Mæland frå Dyrsku’n delte ut Heidersprisen 2025 til vinnaren Barbro Tronhuus Storlien. Foto: Mona Kasin.

Heidersprisen 2025

Årets heiderspris går til Barbro Tronhuus Storlien. Vinnaren har gjennom fleire tiår vore ei samlande kraft for bunad, handverk og immateriell kulturarv.