
Forvandlar kasserte eple til verdfulle produkt
Under Dyrsku’n kan du sjå Noregs einaste mobile eplepresseri. Ungdomsprosjektet Líf laga kjem frå Oslo til Dyrsku’n for å presse tonnevis av eple saman med lokale ungdommar frå Gvarv og Bø.
Under Dyrsku’n kan du sjå Noregs einaste mobile eplepresseri. Ungdomsprosjektet Líf laga kjem frå Oslo til Dyrsku’n for å presse tonnevis av eple saman med lokale ungdommar frå Gvarv og Bø.
Dyrsku’n er Noregs viktigaste møteplass for mat og landbruk, handel, politiske debattar, foredrag og rotekte opplevingar. Nytt av året er konseptet «TettPå» som på fleire arenaer og gjennom ulike aktivitetar skal ta dei besøkjande med på ei spanande reise tett på alt Dyrsku’n elles har å by på.
Eit særs variert og stort antal salsutstillarar ynskjer å stille ut på Dyrsku’n. Tradisjon kombinert med innovasjon og ei blanding av store og små utstillarar frå heile landet kan vere noko av nøkkelen til at handelstradisjonen står seg sterkt på Dyrsku’n.