Treskjerarkunst på Dyrsku’n

Frå fortid til notid – frå Gongestogo til STIHL-teltet

14.09.2019

Det er ei makalaus jubileumsutstilling dei syner i Gongestogo i år, til ære for treskjeraren Hølje Nerisson Gonge. I år feirast det 200-års jubileum på Dyrsku’n.

Tillman Hartenstein frå Vest-Telemark Museum fortel ei rørande soge om den makaluse treskjeraren frå Seljordsheii. Han tilbrakte heile livet sitt sittande i ein kubbestol både dag og natt, etter å ha pådrege seg lammelsar og ein lungeskade som 10-åring. Sjølv om han aldri kom seg ut av stoga, hadde han eit makalaust talent som sendte treskurden hans ut i verda. Den vart utstilt både i Kristiania og på verdsutstillinga i London. Til tross for at han var lenka til stolen klarte han å skape seg eit levebrød som treskjerar. I Gongestoga kan du sjå noko av det denne eminente kunstnaren skapte.

 

 

Utanfor Gongestogo høyrast motorsagdur. Når ein fylgjer lyden ender ein opp ved STIHL-teltet. Der er ein annan eminent trekunstnar i sving. Med moderne verktøy held motorsagkunstnar Oliver Vogt på med sine utskjeringar. Det er utruleg kva han tryller fram av detaljar med eit så grovt verktøy. Det er altså på Dyrsku’n det skjer, her går historie og notid hand i hand.