Artikler
Alle sider
Nominer lag og personar til Dyrsku’n sin nasjonale heiderspris innan reparasjon, gjenbruk og redesign
Dyrsku’n i Seljord søkjer kandidatar til å motta den årlege heidersprisen for prisverdig innsats innan formidling og engasjement i reparasjon, redesign og/ eller gjenbruksfeltet.
Dyrsku’n Ung
Bli med og påverke Dyrsku’n – for deg mellom 18 og 28 år. Få erfaring, nettverk og reell påverknad. Løna verv i to år. Fristen for å søkje gjekk ut 1. juni. Tusen takk til alle som har søkt!
Bli med bak kulissane på Nasjonal tevling for husflid, handverk og design
Kvart år blir kring tjuge ekspertar handplukka som dommarar til Nasjonal tevling for husflid, handverk og design på Dyrsku’n. Kven er dei, korleis vert dømminga gjennomført og kva verdi har tevlinga for deltakarane? Vi tek ein kikk bak kulissane.
Søk om plass på Dyrsku’n 2026!
Vil du vere med på Dyrsku’n 11.–13. september 2026? Utstillarsøknaden opnar 18. november 2025, og fristen for å søke er 1. februar 2026.
Heidersprisen 2025
Årets heiderspris går til Barbro Tronhuus Storlien. Vinnaren har gjennom fleire tiår vore ei samlande kraft for bunad, handverk og immateriell kulturarv.
Telemarkmeisterskapet i potetskrelling
Vi gratulerer vinnaren av Telemarkmeisterskapet i potetskrelling 2025! Etter eit spanande meisterskap var det Linn Bjørg Grytøyr som stakk av med sigeren – og sette ny Telemarksrekord!
Resultat hesteutstilling
Resultatliste hoppe- og vallakutstilling Seljord 13.september 2025. Resultatliste unghestutstilling Seljord 14.september 2025.
Dyrskuprisen og Seljordprisen 2025
Seljordprisen delast ut årleg til eit på førehand bestemt dyreslag. Dyrskuprisen er ein premie som årleg blir delt ut til dei dyreslaga som ikkje omfattar årets Seljordpris.
Tildeling av Lindeqvists Sølvkanne 2025–2027
Johan Lindeqvists Sølvkanne har sidan 1900 blitt delt ut til organisasjonar og gardbrukarar som har utmerkt seg i arbeidet med å «fremje kvegavlen i Bratsberg Amt.» Telemark Landbruksselskap tildeler Lindeqvists Sølvkanne for 2025–2027 til Mathias Olsen ved Holte Grassfed AS.
Resultat husdyrutstillinga på Dyrsku’n
Sjå resultatlista her for 2025. Resultat frå husdyrutstillinga på Dyrsku’n, ekstrapremiar for Telemarkskyr og premiar for gamle rasar.
Årets unge bonde
Vi gratulerer Jens Ludvig Sørli (23) frå Skjeberg som Årets unge bonde 2025! For 16. året på rad har Årets unge bonde blitt kåra. Også i år fann kåringa stad på Dyrsku’n – denne gongen under opningsarrangementet.