Nyheiter
Duka for staseleg opning
I 160 år har Dyrsku’n engasjert og trekt til seg folk i alle aldrar. Når dei tre tradisjonelle slaga i bjølla ljomar over plassen fredag 11. september, er det igjen duka for fest og moro.
160 ÅR med røter – og blikket retta framover
I ÅR MARKERER DYRSKU’N eit heilt spesielt jubileum. I 160 år har Dyrsku’n samla folk, kunnskap og tradisjonar på tvers av bygder og generasjonar. Frå dei første møta mellom bønder med ynske om å dele erfaringar og utvikle landbruket, har Dyrsku’n vakse til å bli ei av dei viktigaste møteplassane i landet – og ein folkefest som år etter år samlar titusenvis av menneske.
Saman om framtidas frivilligheit
Bli med på årets møteplass under Dyrsku’n! Telemark fylkeskommune og Dyrsku’n inviterer til ein inspirerande konferanse laurdagen der frivilligheita står i sentrum.
Nominer lag og personar til Dyrsku’n sin nasjonale heiderspris innan reparasjon, gjenbruk og redesign
Dyrsku’n i Seljord søkjer kandidatar til å motta den årlege heidersprisen for prisverdig innsats innan formidling og engasjement i reparasjon, redesign og/ eller gjenbruksfeltet.
Dyrsku’n Ung
Når Dyrsku’n i år feirar jubileum, er det sjølvsagt naturleg med nokre tilbakeblikk. Samstundes er det vel så viktig å sjå framover. Akkurat det skal ungdommane i Dyrsku’n Ung gjere dei neste to åra.
Bli med bak kulissane på Nasjonal tevling for husflid, handverk og design
Kvart år blir kring tjuge ekspertar handplukka som dommarar til Nasjonal tevling for husflid, handverk og design på Dyrsku’n. Kven er dei, korleis vert dømminga gjennomført og kva verdi har tevlinga for deltakarane? Vi tek ein kikk bak kulissane.
Heidersprisen 2025
Årets heiderspris går til Barbro Tronhuus Storlien. Vinnaren har gjennom fleire tiår vore ei samlande kraft for bunad, handverk og immateriell kulturarv.
Telemarkmeisterskapet i potetskrelling
Vi gratulerer vinnaren av Telemarkmeisterskapet i potetskrelling 2025! Etter eit spanande meisterskap var det Linn Bjørg Grytøyr som stakk av med sigeren – og sette ny Telemarksrekord!
Dyrskuprisen og Seljordprisen 2025
Seljordprisen delast ut årleg til eit på førehand bestemt dyreslag. Dyrskuprisen er ein premie som årleg blir delt ut til dei dyreslaga som ikkje omfattar årets Seljordpris.
Tildeling av Lindeqvists Sølvkanne 2025–2027
Johan Lindeqvists Sølvkanne har sidan 1900 blitt delt ut til organisasjonar og gardbrukarar som har utmerkt seg i arbeidet med å «fremje kvegavlen i Bratsberg Amt.» Telemark Landbruksselskap tildeler Lindeqvists Sølvkanne for 2025–2027 til Mathias Olsen ved Holte Grassfed AS.
Årets mat- & drikkeprodukt
Vi gratulerer vinnaren av Årets lokalmatprodukt – Stordalen Gardsbruk frå Tinn i Telemark – med EKTE BRUN GEITOST! Årets vinnar vippa juryen av pinnen!