Telemarkskus. Foto Mona Kasin.

Dyr i sentrum

Husdyra er sjølve hjartet i Dyrsku’n – slik dei alltid har vore. I år blir det igjen høve til å oppleve både ku og geit i levande live på Dyrskuplassen, samstundes som fleire produsentar får moglegheit til å delta gjennom gardsdømming.

Mjølkekonkurranse

Eit tun for tradisjonar

Ein tur til Sterke Nils-tunet er nesten som ei reise i tid, der du kan sjå korleis det gode, gamle også kan få plass i framtida. Her finn du nokre av dei klassiske, norske husdyra og tradisjonelle aktivitetar for heile familien.

Western ridning og TYR arena

Ein ny arena for dyr og dyreinteresserte folk

Velkomen til Hestevegen – ein beredskapsveg og rettstrekke for islandshest i eitt. Den nye vegen gir enkel tilgang for dyra til det nyaste området på Dyrskuplassen, E500. Hit flyttar TYR heile arenaen sin, der du kan lære om kjøttferasane, sjå temjing av dyr og westernriding. Og mykje, mykje anna.

TettPå Maten foredrag

Tettare på maten

I eit ti gonger ti meter stort konferansetelt kjem du no bokstavleg talt tettare på maten. Arenaen er ny av året og byr på eit rikhaldig program for den matinteresserte.

Andre Trondsen og dyrketunet
Mat

Grønare enn nokon gong

I år spirer det og gror som aldri før på Dyrskuplassen, og matansvarleg André Trondsen gler seg til å vise publikum korleis maten vår kjem seg frå jord til bord. På Dyrketunet fyllest over 60 plantekassar og ein 120 kvadratmeter stor dyrkingstunnel med alt frå bøner til vassmelon.

Planen var å vere singel lenge

Begge hadde ein aversjon mot alt romantisk og klissete, men då dei møtte kvarandre, fekk alle klisjeane brått ei meining. No skal Malin Aarhus og Gisle Bangsund feire kjærleiken på Sterke Nils-tunet, kor dei smis i hymens lenker laurdag kl. 15.00.

Årets Unge Bonde 2026

Årets Unge Bonde 2026

Vi gratulerer Iselin Mentzoni Eliassen og Jørgen Juul Thomassen frå Buktenes gard i Troms, som er kåra til Årets Unge Bonde 2026.

Foto: Thorleif Moe Bratval

Tvikamp, potetskrelling og EU-debatt

– Vi satsar på at det blir ei framsyning med godt skrelte poteter og ikkje skrelte fingertuppar, seier Jan Thorsen i Telemark Bondelag, som saman med Nationen og Dyrsku’n er ansvarleg for TettPå Landbruket – staden for politiske debattar, interessante samtalar og underhaldning.  

Voje Lotta med brørne Jan Kristian (frå venstre), Harald og Knut Jarle Øverdal. Foto: Morten Skifjeld

Noregsmeister er æresgjest!

Hest er best, ifølgje munnhellet, og for nokon er det verkeleg lett å sjå at desse firbeinte favorittane gjev livet noko ekstra. På Dyrsku’n kan du sjå både den beste kaldblodshoppa i landet og den vakre og anvendelege fjordingen.

Årets lokalmatgrunder 2026
Mat

Årets Lokalmatgründer 2026

Vi gratulerer Superkraftmat frå Nes på Hedmarken i Innlandet, som er kåra til Årets Lokalmatgründer 2026. Vinnaren blei kåra fredag under Dyrsku’n. Gründerprisen er etablert av MENY og HANEN, i samarbeid med Dyrsku’n.

Smaksprøver i Matteltet. Foto Mona B Kasin.
Mat

Meir lokalmat – fleire opplevingar!

Anten du er på jakt etter kortreist gardsost, lokaldyrka grønsaker eller eit smakfullt måltid laga på norske kvalitetsråvarer, er Lokalmat-teltet ein naturleg stopp på Dyrsku’n.

Svein Tore Holsether , konsersjef i Yara

Norsk matberedskap blir bygd kvar dag på garden

Krigshandlingane i Midtausten har gjort Hormuzsundet til ein flaskehals for råvarehandelen i verda. Store delar av råvarestraumen til gjødsel går gjennom desse urolege farvatna, og 2026 har minna oss om kor kort vegen er frå Persiabukta til ein norsk kornåker.