Alle sider

Gammelost. Foto: Eline Kjøl Berg
Mat

Er pultost og gamalost den nye supermaten?

Dei kjende norske matskattane er både utskjelte og elska. Men veit eigentleg folk korleis dei smakar og at desse gløymde urostane er svært næringsrike og inneheld nesten 50 prosent rein protein?

Bygg hall A og B

Eit bygg for framtida

I det splintrande nye tilbygget mellom Hall A og Hall B, som stod ferdig til Dyrsku'n i 2024, skal unge eller nyetablerte handverkarar få høve til å vise fram arbeida sine og møte eit publikum som er interessert i husflid og tradisjonshandverk.

Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.
Mat

Årets Lokalmatgründer 2024

For tiande år på rad kåra MENY, Hanen og Dyrsku’n vinnaren av Årets lokalmatgründer. Vi gratulerer grønsaksgarden Bøtun Gard som Årets Lokalmatgründer!  

Setring. Foto: Marianne Tvete, Nationen

Variasjon gir styrke og framtidshåp

Familielandbruket er djupt rotfesta i norsk kultur og tradisjon og har ei viktig rolle for å sikra sjølvforsyning, busetjing og levande bygder. Variasjonen i driftsformer er likevel stor.

Telemarkfe. Fofot: Anna Holene, NIBIO/Norsk Genressurssenter

Ein stolt jubilant i 2024

Norsk Bufe er ein organisasjon som sidan 1984 har jobba aktivt for bevaring av gamle norske storferasar. Målet deira har vore å sikra livskraftige populasjonar og betre vilkåra for bønder som driv med desse rasane. I 2024 fylde organisasjonen 40 år, og i samband med jubileet vart dei utfordra til å vise fram fleire rasar enn normalt på utstillinga på Dyrsku’n.

Pultost. Foto: Eline Kjøl Berg.
Mat

Meny surmjølksostar

Under Dyrsku’n i 2024 vart det servert, seld og formidla norske urostar – surmjølksostar. Folk lét seg freiste av dei smakfulle rettane laga med norsk tradisjonsost.