Årets mat- og drikkeprodukt 2026
Vinnaren av Årets mat- og drikkeprodukt 2026 er Skakke Røykeri med Skakke bålbacon. Vinnaren er ein produsent som har arbeidd med tradisjonar og kvalitet sidan starten av 2000-talet.
Vinnaren av Årets mat- og drikkeprodukt 2026 er Skakke Røykeri med Skakke bålbacon. Vinnaren er ein produsent som har arbeidd med tradisjonar og kvalitet sidan starten av 2000-talet.
Det blir eit spennande mangfald av bryggeri i øl- og siderbaren på årets Dyrsku. Baren er lokalisert i Storstogo servering, inne i teltet, og er open fredag og laurdag. Her kan de stifte nærare kjennskap til følgjande bryggeri.
Når vi i år møtest på Dyrsku’n, har TINE ein ekstra grunn til å feire. I 2026 feirar samvirket 170 år.
På Røyse har frukt og bær vore ein del av landskapet i generasjonar. Når årets avling er moden, startar nokre av dei travlaste vekene i året på Røyse Bærpresseri.
I eit ti gonger ti meter stort konferansetelt kjem du no bokstavleg talt tettare på maten. Arenaen er ny av året og byr på eit rikhaldig program for den matinteresserte.
I år spirer det og gror som aldri før på Dyrskuplassen, og matansvarleg André Trondsen gler seg til å vise publikum korleis maten vår kjem seg frå jord til bord. På Dyrketunet fyllest over 60 plantekassar og ein 120 kvadratmeter stor dyrkingstunnel med alt frå bøner til vassmelon.
Vi gratulerer Superkraftmat frå Nes på Hedmarken i Innlandet, som er kåra til Årets Lokalmatgründer 2026. Vinnaren blei kåra fredag under Dyrsku’n. Gründerprisen er etablert av MENY og HANEN, i samarbeid med Dyrsku’n.
Anten du er på jakt etter kortreist gardsost, lokaldyrka grønsaker eller eit smakfullt måltid laga på norske kvalitetsråvarer, er Lokalmat-teltet ein naturleg stopp på Dyrsku’n.
Vi gratulerer vinnaren av Telemarkmeisterskapet i potetskrelling 2025! Etter eit spanande meisterskap var det Linn Bjørg Grytøyr som stakk av med sigeren – og sette ny Telemarksrekord!
Vi gratulerer vinnaren av Årets lokalmatprodukt – Stordalen Gardsbruk frå Tinn i Telemark – med EKTE BRUN GEITOST! Årets vinnar vippa juryen av pinnen!
Mangfaldet har aldri vore større – og smaken aldri betre. I Matteltet på Dyrsku’n kan du oppleve noko av det beste norsk landbruk har å by på, samla under eitt og same tak.
Vi gratulerer Ødhumbla som vinnaren av Årets lokalmatgründer! For ellevte året på rad har MENY, Hanen og Dyrsku’n kåra vinnaren av Årets lokalmatgründer – og i år gjekk prisen til Ødhumbla.