
Program


Årets unge bonde
Fredag 13. september delte Felleskjøpet, McDonald’s og Noregs Bygdeungdomslag ut prisen for Årets unge bonde for 15. gong. Vi gratulerer Jørgen Andrisoon Kvam og Thea Sandsengen frå Vang i Valdres som Årets unge bonde.

Meir plass til både folk og dyr på det utvida Sterke Nils-tunet
Det tradisjonsrike tunet står sterkare enn nokon gong. Bli med tilbake i tid, samtidig som vi ser på korleis det gode, gamle kan få plass også i framtida.

Potet er tradisjon og beredskap, no skal ho hyllast
Dufta av nysteikte potetlomper vil breie seg over Dyrsku'n når Bygdekvinnelaget nok ein gong inviterer til fest. I tillegg inviterer dei til ein konkurranse som kan sende deg til NM – i potetskrelling.

No kan du prøva deg som travkusk eller montéryttar
Lurar du på korleis det er å sitja på ein hest i godt driv, eller draumar du om å prøva deg som kusk? Då bør du nytta høvet til å testa travsimulatoren med det velklingande namnet Monté Python.

Møt nåtidas og framtidas landbruk i Husdyrhallen
I eit raudmåla, låveliknande hus midt på Dyrskuplassen, finn du Husdyrhallen. Der kan du sjå levande husdyr og oppleva mjølking, saueklypping og sæduttak av okse. Kom innom og lær meir om nåtidas og framtidas landbruk.

Møt Landbruket er for alle
– Møt Landbruket-teltet har blitt ein viktig møteplass under Dyrsku’n. Det seier Jan Thorsen i Telemark Bondelag, som saman med Nationen og Dyrsku’n er ansvarleg for Møt Landbruket – staden for politiske debattar, interessante samtalar og underhaldning.

Sidersmaking med lokalmat
Bli med på sidersmaking med lokalmat på Dyrsku’n i TettPå liten. Siderproduksjonen i Noreg er i ei blomstrande utvikling. På Dyrsku’n kan ein stifte nærare kjennskap til sider frå Telemark.

TettPå-arenaene byr på kunnskapsfest og smaksopplevingar
Tettpå-arenaene sørgjer for spennande debattar og foredrag, mat, drikke, kultur og underhaldning.